Kvinner kan!

Feministar blir ofte kritiserte for å putte seg sjølv i ei offerrolle. Kan me ikkje peike på kvinner som lukkast i staden for å heile tida peike på mannleg dominans i samfunnet? Det kan jo vere minst like inspirerande å sjå på flinke kvinner i eit debattpanel som å tenkje på kvinnene som ikkje sit i panelet.

Eg ser denne kritikken. Det kan verke svartmålande å dag etter dag peike på at kvinner ofte taper i samfunnet. Og det kan verke dobbeltmoralsk når me ikkje er like flinke til å peike på plassane der menn taper. 

Likevel bør me ikkje slutte med klaginga. For meg handlar nemleg feminisme om to ting:
1) Å sjå at kvinner har mindre makt enn menn
2) Å meine at kvinner kan gjere noko med det

Kunnskap om denne skeivfordelinga er viktig for at kvinner skal tørre å ta plass og kreve å bli høyrde. På den måten kan feminisme vere frigjerande, ved at det inspirerer kvinner til å gjere nye ting dei ikkje alltid ville gjort elles. På den måten gir det makt. Eit eksempel frå mitt liv:

Når eg høyrer på politiske debattar har eg ofte lyst til å seie noko eller stille eit spørsmål, men tenkjer at:

1) spørsmålet mitt er dumt
eller:
2) om eg seier noko tenkjer folk at eg berre vil vise meg fram (og dermed framstår eg dust og dei andre høyrer uansett ikkje på kva eg seier)

Samtidig kan eg irritere meg over at det er få kvinner i panelet eller på talarstolen. Det skaper ofte eit indre dilemma: Skal eg ta ansvar og seie det eg tenkjer eller skal eg droppe det denne gongen og berre høyre på?

Det er ca 50/50 kva eg ender med. Dersom eg tør å snakke blir eg nokre gongar supernervøs. Eg klarer ikkje å konsentrere meg om debatten. Men når eg står oppe på talarstolen går det betre. Og når eg er ferdig er det superdigg. Mestringskjensle!

Kunnskap om feminisme har altså fortalt meg at dei indre begrensningane eg sett opp ofte er duste.  Hadde eg ikkje tenkt på at det mangla kvinner i panelet, hadde eg nok heller ikkje pusha meg sjølv til å gjere like mange ting som eg synst er skumle. Og då hadde eg nok heller ikkje så fått til å påverke så mykje.

Eg trur ”offerfasen” (når feministar seier at makt er skeivfordelt eller når eg tenkjer over at begrensningane mine er duste og typisk jentete) er naudsynt for å få til endring. Og eg trur ikkje me hadde hatt like mange kvinner med makt i dag om ikkje desse hadde brøyta veg, gjort skumle ting og vist korleis kvinner kan. 

Kva trur du?

Om forfatteren

trine

trine

Eg er 29 år, bur på Haugerud og jobbar i SV. Distré og stort sett ganske blid. Liker å bruke tida mi på kaffi, bøker, skog og politikk.

Visit Website

2 Comments

  1. Jeg tror det er selvsagt at noen er et offer når det har blitt begått en urett, det er en teknisk detalj vi ikke kommer unna om vi vil forholde oss til virkeligheten.

    Jeg tror det er viktig å anerkjenne at det har blitt begått en urett og at den ikke har blitt ryddet opp i enda.

    Jeg tror ikke det å anerkjenne at man er et offer for en slik urett trenger å si noen ting som helst om hvilken rolle man inntar videre.

    Jeg tror det er bedre å være offensiv enn defensiv, det er bedre å ta initiativ enn å vente på at noen andre skal rydde opp. Når man er offensiv går man automatisk ut av den tradisjonelt forståtte “offerrollen” og inn i ansvar for eget liv.

    Feminister tar ikke bare ansvar for eget liv. De tar i et tak for hele samfunnet med en forståelse av at skjevheten som riktignok går mest utover kvinner er negativ for begge kjønn. Derfor er feminister bedre definert som helter enn som offer.

    Hvis vi bare hadde snakket om hvor bra enkelte gjorde det og hvor fint vi har det, så hadde det ikke skjedd en dritt. Folk må da selv evne å legge merke til at damer er tøffe, ordner sakene og kicker ass, det kan man jo se daglig om man gidder å følge med.

    Du er kjempetøff som pusher deg selv for å debattere, og det er jo nettopp dette Simone de Beauvoir mener når hun snakker om grenseoverskridelse, du skrider over grensene i livet ditt og utvikler deg som menneske.

    Ikke la dem forvirre deg med hersketeknikkene sine, fatt mot og husk at de ikke hadde brydd seg med å bruke de teknikkene om de ikke hadde følt seg truet av deg. :D

  2. trine
    trine 23/05/2011

    Hei Martine

    Takk for hyggelege innspel! Eg er samd i det du skriv om samfunnsansvar. Det var eit godt poeng!

    Trine