Åleinemødrene reddar velferdsstaten?
Av gjestebloggar Helga Eggebø.
Internasjonal migrasjon kan på sikt koma til å truga grunnlaget for den norske velferdsstaten, slår Velferds- og migrasjonsutvalet fast. For å førebyggja ei krise må heile folket i arbeid. Eit av dei føreslåtte tiltaka er å kutta i overgangsstønaden til åleineforsørgjarar. Overgangsstønaden vart i si tid innført for å redda kvinner frå fattigdom etter skilsmisse. Men no er openbart tida moden for at åleinemødrene tar i eit tak for å redda den norske velferdsstaten?
10. mai leverte Velferd- og migrasjonsutvalget si innstilling: Velferd og migrasjon. Den norske modellens framtid. Utvalet har vore leia av professor Grete Brochmann og fekk i oppdrag å vurdera kva utfordringar den norske velferdsmodellen står overfor på grunn av auka migrasjon. Hovudkonklusjonen er som følgjer: 1) For det første går dei ikkje inn for generelle nedskjeringa i velferdsstaten. 2) For det andre går dei ikkje inn for særlege innstrammingar i innvandringspolitikken, fordi denne politikken allereie er stå streng som han kan vera innanfor rammene av internasjonale avtalar. 3) For det tredje går dei inn for at velferdsordningane framleis skal vera generelle. Det blir altså ingen kutt i sosialhjelpa til innvandrarar, slik det vart innførd i Danmark. Løysinga er i god gamal sosialdemokratisk ande: heile folket i arbeid.
Arbeidslinja skal styrkast, det vil seia at velferdsstatlege ytingar i enda sterkare grad enn før vil bli utbetalt under føresetnad av at ein er i aktivitet. Det vil seia at ein er i arbeid, at ein utdannar seg og kvalifiserer seg for å få arbeid eller at ein prøver å skaffa seg arbeid. Velferdsytingar som ”oppmodar til” eller ”gjer det lønsamt” å ikkje vera i arbeid må kuttast eller endrast. Slik som kontantstønaden til dømes.
Eit anna konkrete forslag er å endra overgangsstønaden til åleineforsørgjarar. Rasjonale er som følgjer: Dersom stønaden blir tydelegare innretta mot å få folk i arbeid og avgrensar talet på periodar ein kan få slik stønad, så vil ein kunne få fleire innvandrarkvinner i arbeid. Dette vil vera bra for innvandrarkvinnene, for velferdsstaten og ikkje minst for likestillinga. Ein annan måte å sjå det på er at forslaget vil gjera at fleire innvandrarkvinner blir fattige og/eller økonomisk avhengige av ein mann. Og ein kan spør seg om det verkeleg er bra for likestillinga å kutta i inntekta til einslege mødrer.
Åleineforsørgjarstønaden har vore viktig for å hindra fattigdom blant åleineforsørgjarar og deira barn. Denne stønaden har gjort det mogleg for norske kvinner å skilja seg frå sine ektemenn utan å enda i fattigdom (I alle fall til ei viss grad. Eineforsørgjarar er overrepresentert blant fattige hushald). Velferdsstaten har vore med på å gjera kvinner økonomisk uavhengige av menn. Komparative undersøkingar syner at skilsmisse ofte fører europeiske kvinner ut i fattigdom, og at dei taper økonomisk samanlikna med sine eksmenn. Dette er faktisk ikkje tilfelle i Noreg, viser doktorgradsarbeidet til Anne Hege Strand ved UiB. I følgje analysane til Strand spelar velferdsstatlege overføringar ei sentral rolle i å dempa dei negative økonomiske konsekvensane ved samlivsbrot for kvinner i Noreg.
Analysane til Velferds og migrasjonsutvalet baserer seg på kva konsekvensar dei meiner tiltaket vil ha for innvandrarkvinner, med spesielt fokus på somaliske kvinner. Men endringane dei føreslår vil ha konsekvensar for heile befolkninga. Spørsmålet utvalet ikkje har vurdert er kva likestillingskonsekvensar kutt i åleineforsørgjarstønaden vil få for befolkninga sett under eitt. Ein treng ikkje vera rakettforskar, og knapt nok samfunnsforskar, for å tenkja seg at det føreslåtte tiltaket vil ramma kvinner i større grad enn menn. Åleineforsørgjarstønad vart i si tid innført for å redda kvinner frå ekteskap dei ikkje ønskja og frå fattigdom etter skilsmisse. Men no er openbart tida moden for at åleinemødrene tar i eit tak for å redda den norske velferdsstaten?
Om Helga:
sosiolog og stipendiat ved Universitetet i Bergen. Ho sit dessutan i eit offentleg utval som skal utgreia norsk likestillingspolitikk.
—
Bilde: Happy Mother’s Day Mom! av kevindooley | (CC BY 2.0)
3 Comments
Trackbacks for this post
-
[…] og voldtektsdebatt Anne Bitsch: Voldtekten som forsvant NRK: Nav ut mot egne arbeidsmetoder Maddam: Åleinemødrene reddar velferdsstaten? TED Blog: TEDx speaker Zé Cláudio killed. What actions can we take […]
-
[…] Kronikken stod på trykk i Bergens Tidene og ein lengre versjon vart publisert av bloggkollektivet Maddam. […]
Hva med å kutte ut kontantstøtten som hovedsaklig går til middelklassens hjemmeværende som bruker pengene på interiør og sånt i stedet?