Frykten for valdtekt
Den siste tida har det vore fem overfallsvaldtekter i Oslo. Eg trur mange kvinner i Oslo vil tenkje seg om to gongar før dei går aleine heim frå byen i helga som kjem.
Dette er trist. Det er trist for offera. Og det er trist fordi mange av oss ikkje kan gå heim frå fest ei vårnatt med låge skuldrer, og nyte lyset og fuglekvitteret. I staden går me med nøkkelknippet og mobilen i handa, nokre med alarm eller peparspray i veska, klare til å springe om det nærmar seg nokon som ser mistenkelege ut. Nokre droppar kanskje å bli på hyggelege festar fordi dei er redde for heimturen.
Eg har tenkt mykje på om dette er rett måte å reagere på. Valdtektsutvalet sa i 2008 at det var mellom 8000 og 16 000 som blir valdtekne i året i Noreg. Dei aller fleste av desse blir valdteke av nokon dei kjenner godt, heime eller på fest. I Oslo er det i snitt 20 personar som meldar overfallsvaldtekter til politiet i året. Overfallsvaldtekt er dermed ein veldig liten del av det store biletet (tala har eg herifrå).
Dermed burde me kanskje eigentleg vere meir redde for å bli på festen, eller å kome heim, enn for å gå gatelangs heim (eller helst: ikkje vere redde). Nokre eg har diskutert med har meint at me burde leve som om valdtektsfaren ikkje er der – me bør kunne ha fridomen til å gå heim midt på natta om me vil det.
Prinsipielt sett er eg sjølvsagt samd i det. Men i praksis er eg meir usikker. På universitetet blir risiko ofte definert som sannsyn for at noko skal skje ganga med konsekvensane om det skjer. Statistikken over viser oss at sannsynet for overfallsvaldtekt er ganske lågt, sjølv i periodane me møter ordet voldtektssommer med feit skrift på framsida av VG.
For meg er det den andre delen av risikoen, konsekvensane dersom det usannsynlege skulle skje, som gjer at eg unngår skumle vegar om natta.
Altså: På den eine sida er det feil at kvinner skal ta ansvar for å hindre at menn voldtek ved å endre kvardagen sin (og det er aldri kvinna sin feil, sjølv om ho spankulerer naken heim i dei skumlaste strøk). På den andre sida synst eg at det er moralsk vanskeleg å forsvare eit råd til andre om å tørre å gå åleine om natta. For sjølv om det er enkelt å meine at kvinner skal føle seg frie, kva gjer eg då, som har gitt det rådet, om ei venninne blir valdteke på veg heim?
Eg er ute etter råd her. Kva meiner de er rett måte å reagere på? Kva råd ville de gitt til ei venninne som vurderte å gå heim åleine natt til laurdag?
18 Comments
Trackbacks for this post
-
[…] i Oslo Vox Populi: Ikkje sint, berre veldig, veldig skuffa – om Navarsetes utbrudd Maddam: Frykten for valdtekt (…): Datalagringsdirektivet, eller hvordan jeg sluttet å bekymre meg og lærte å elske […]
Det vil aldri verta “rett” at eit potensielt offer skal måtta ta forholdsreglar for å unngå å verta utsett for noko kriminelt. Ansvaret, skulda og feilen ligg alltid hos forbrytaren. Likevel er det kanskje betre for vår eigen del å ta nokre forholdsreglar, anten det er snakk om å leggja lommeboka att heime eller å ta ein omveg heim frå fest, for å minimera risikoen. Me kan kalla det for “det minste av to vonde”. All ære til dei som torer å stå på sitt, men me bør ikkje fordømma dei som lèt seg “skremma” til å ta forholdsreglar, eller dei som rår andre til å gjera det.
Hei Namn må du skrive.
Det var lurt sagt. Eg er samd i det.
Eg er forresten glad når Hanne Kristin Rohde seier at me no må byrje å snakke om korleis ein hindrar at menn voldtek, i staden for å berre snakke om at jenter skal vere forsiktige. Det er òg bra når Rieber-Mohn seier at ein skal setje opp lys og klippe hekkar sånn at jenter skal sleppe å vere redde.
Likevel er faren noko me alle må forhalde oss til i kvardagen. Det vanskelege med dette er at nyheitene om overfallsvaldtekter skapar frykt. Og sjølv i periodar der problemet er mindre heng frykten i oss. Då er det kanskje bra at ein prøver å setje dette i perspektiv og seier at dei aller aller fleste kveldane er det trygt å gå ute åleine.
Samtidig er det viktig som du seier at alle har rett til å ta forholdsreglar. Sjølv gjer eg det, men eg håpar jo at eg ein gong kan sleppe.
Både Rohde og Rieber-Mohn er verdt å lytta til, men særleg angåande overfallsvaldtekter er det vanskeleg å snakka problemet i hel. Spørsmålet “korleis ein hindrar at menn valdtek” vert på ein måte ikkje så interessant, fordi det er eit forsvinnande lite mindretal i gruppa “menn” som står for ugjerningane. Dimed er det kanskje meir interessant å spørja korleis me kan fanga opp dei få forskrudde jævlane før dei begår ei valdtekt. Eg skulle så gjerne hatt eit godt svar på det, men eg har berre fleire spørsmål…. Styrking av psykiatrien? Obligatorisk psykisk helsesjekk? Kastraksjon som tilleggstraff i tillegg til fengsel ved valdtektsdom?
Ja, det er sant. Eg veit ikkje sikkert korleis ein kan hindre det, men eg held førebels ein knapp på styrking av psykiatrien.
Eg trur òg på lys i gatene og korte hekkar. Det vil gjere at det er færre stadar det er sannsynleg at det skjer.
Politiet må prioritere desse overfallsvaldtektene, og ut i frå det eg har lest i media dei siste dagane ser det ut som om dei gjer det. Byrådsleiar Stian Berger Røsland frå Høgre krev no 300 fleire politifolk for å ha meir politi i gatene. Trur du det vil funke?
Jeg skjønner godt at mange blir redde. Man kan ikke bare bestemme seg for å ikke være redd, – det er ikke slik frykt fungerer. Samtidig er det viktig at ikke vi feminister er med på å nøre opp under denne frykten, slik som for eksempel VG gjør her:
http://www.vg.no/nyheter/innenriks/artikkel.php?artid=10091727
Det ville aldri slått meg å anbefale noen å ikke gå alene hjem om kvelden. Mange av oss bor jo i disse områdene det er snakk om. Et slikt råd gjør meg virkelig ikke medskyldig dersom noe eventuelt skjer. Som feminister skal vi gjøre alt vi kan for å bekjempe voldtekt, men vi skal også bekjempe det å la oss styre av frykt.
Der er du inne på akkurat den ambivalensen eg har, Mona. For eg meiner verkeleg at ein skal vere forsiktig om ein er redd, og det kan eg vere i desse situasjonane. Eg er òg redd for at noko skal skje med venninnene mine, og det gjer at eg kanskje kan påføre min frykt på dei nokre gongar.
Det er ikkje gjort for å vere slem, og eg har tenkt mykje på at det er vanvittig lite frigjerande at tusenvis av kvinner går rundt og er redde kvar helg når dei skal heim. Eg har difor lurt på om eg skal prøve å slutte å vere redd, men då ville eg ha følt meg uforsiktig. Altså blir det eit val mellom to vonde, som det òg har blitt sagt over her.
Og så har du sjølvsagt heilt rett i det med skyld. Eg prøvde å seie det òg, men det at eg veit at det er tiltak ein kan gjere for å redusere risikoen, gjer at eg i alle fall tenkjer på desse tinga, sjølv om det prinsipielt sett ikkje er mitt ansvar.
Ja, eg trur gateljos, korte hekkar og meir synleg politi kan snevra inn moglegheitene for potensielle valdtektsforbrytarar. Men det er jo eit paradoks at å råda kvinner til å ta forholdsreglar er kontroversielt, mens det er nokså ukontroversielt å be stat/kommune/politi om å ta forholdsreglar. Det er jo ikkje den høge hekken eller dei svake gateljosa sin feil at ein valdtektsmann er ein valdtektsmann, viss du forstår kva eg meiner.
Eg er usikker på spørsmålet om synleg politi. Det vil jo vere fysisk umogleg for politiet å vere i alle mørke gatehjørne, og dermed kan det verke som meir symboltiltak enn avskrekkande. Då vil eg nok heller gi meir pengar til etterforsking av valdtektssaker. Men her har kanskje andre innspel? Trur de meir synleg politi vil funke? Kvifor?
Eg er heller ikkje samd i at det er rart at det er kontroversielt med forhaldsregler for kvinner. Det er jo ikkje snakk om å ta på ein refleks eller eit bilbelte, men større ting, som å slutte å bli på festar gutar kan bli på, eller droppe å dra på konsert fordi ein ikkje tør å gå heim og ikkje har pengar til taxi. Då får denne frykten veldig stor påverknad på liva våre. Og som eg sa i innlegget, er det statistisk sett ofte minst like farleg å bli på festen og å vere i taxien som det faktisk er å gå heim….
No trur eg du misforstod meg. Eg meinte ikkje det var rart at det er kontroversielt med forholdsreglar for kvinner. Det eg meinte var at når “individuelle” forholdsreglar er så kontroverselt, er det kanskje litt rart at “kollektive”/offentlege/kommunale forholdsreglar er så ukontroversielle. I begge tilfella er det jo forbrytarane sin “feil”, mens det i begge tilfella er nokon andre som tek konsekvensen av det.
Åja, den tok eg ikkje før no.
Det beste hadde sjølvsagt vore om problemet ikkje var der, så det offentlege ikkje trengte gjere noko, men det kan ein jo seie om førebygging av alle former for kriminalitet. Eg synst det er flott at me har eit fellesskap som kan ta tak i samfunnsproblem, sidan det vanlegvis er ei form for tiltak som fungerer betre enn om me alle skulle handtert det privat, og sidan det sannsynlegvis er den mest effektive måten å gjere det på.
Mitt standpunkt i dette spørsmålet heng forøvrig saman med kven som ytrar kva.
Ein ting er at ein som privatperson sjølv skal ha lov til å vere redd og ta forhaldsreglar. Det er sjølvsagt greitt, men det er her eg er usikker på kva haldningar eg skal fronte til venninner (bør me eigentleg vere redde?)(kor forsiktige bør me vere, av omsyn til oss sjølv?).
Ein annan ting er at offentlege myndigheitspersonar, som legar og politifolk, seier at jenter ikkje var forsiktige nok og dermed kunne ha unngått valdtekten, som i dette oppslaget: http://www.dagbladet.no/2011/04/07/nyheter/voldtekt/innenriks/16094833/
Det er veldig utgreitt og gir i praksis skuld til offeret.
Vampus har blogget om det samme i dag, og hun sier det samme som jeg (sikkert i en litt uvøren tone etter en del øl) hevdet i en nachspiel diskusjon i sommer da politiinspektør Hanne Kristin Rohde gikk ut og advarte kvinner mot å gå hjem alene (http://www.nrk.no/nyheter/norge/1.7244836). Hvorfor skal politiet bidre til å økte frykten og spre skyldfølelse når du kunne økt frykten hos overgriperne istedet?
Dette er fra Vampus’ blogg:
“Kanskje kunne politiet forsøkt en ny tilnærming? Kanskje politiet kunne forsøkt å skremme overgripere med å si
– fra nå av tar vi alle anmeldelser på alvor
– vi skal foreta en åstedsundersøkelse. Ved. Hver. Eneste. Anmeldelse.
– vi skal sørge for at kvaliteten på den rettsmedisinske undersøkelsen er god nok
– vi skal ikke la mulig gjerningsmann få legge frem sin versjon uten å bli konfrontert med opplysninger fra offerets forklaring
– dømte voldtektsforbrytere som ikke er norske statsborgere blir kasta ut etter endt soning og oppholdstillatelse kan inndras”
Jeg synes det er et konstruktivt bidrag i debatten. I mens blir jeg pent nødt til å gå hjem alene når ingen andre skal samme vei. Jeg kan jo ikke bli sittende hjemme i helgene.
Applaus for det. Og i tillegg er det viktig å understreke at politiet må prioritere ALLE valdtektssaker, og ikkje berre overfallsvaldtekter. Der trur eg det er eit stort skilje i dag. Eg trur tinga Vampus listar opp er mykje viktigare enn meir synleg politi.
Her er link til eit anna blogginnlegg om temaet, som handlar om korleis menn kan unngå valdtekt. Det sett diskusjonen om kva kvinner skal eller bør gjere i eit nytt lys:
http://fjordfitte.blogspot.com/2006/08/rd-for-unng-voldtekt_06.html
Bra iniativ fra Trine å ta denne debatten på MadDam. Mange gode poenger i denne debatten av både Trine, Sunniva og Mona. Og takk for referering fra Kaffedamen:)
Forholdsregler må man ta!
Kanskje enkelt og greit lære av SaudiArabia med motsatt fortegn;
Krav om at menn holder seg inne på kvelden eller har kvinnelig følge av enten søstre eller kone.
Er alle menn som er ute på kvelden i følge med kone eller søster vil det sannsynligvis bli lite voldtekter.
Ingen fare. Da vil menn bli anklaget for relasjonsvoldtekt og/eller incest. Man vet ikke hva damene kan finne på.
Her er forresten to bra tekstar om temaet:
http://www.aftenposten.no/meninger/kronikker/article4134675.ece
http://vampus.blogspot.com/2011/05/den-typiske-voldtekten.html