To ynskje til kjøttmarknaden

Å gå på byen kan både vere veldig gøy og ei utfordring. Fredag var eg på Internasjonalen med ein gjeng vener, og på trikken på veg heim kom eg fram til at det er to ting folk bør slutte med:

1. Å stille seg dansande bak meg mens eg dansar, utan at eg veit at dei er der. Det er udigg og får mi dansing til å sjå ut som ein gøymeleik.

2. Å klå på framande dei ikkje har kommunisert med tidlegare. Det er trakassering, ikkje flørting.

På veg ned trappa til baren var det ein fyr eg aldri hadde sett før som tok meg på puppen. Eg skvatt, men før eg rakk å reagere var han mange meter unna. Eg sendte eit litt rart, forskrekka blikk, og fekk eit lurt smil attende. Bannord gjekk i gjennom hovudet mitt, og eg var irritert på meg sjølv for at eg ikkje reagerte og sa i frå. Eg har vore mange år i SU og lært på rams at jenter må tørre å setje grenser og seie nei. Diverre er det ikkje like lett på fest som på SV-kontoret.

Neste gong håpar eg vere meir tøff  og mindre paff. Men det beste hadde nok vore om folk slutta å klå…

Om forfatteren

trine

trine

Eg er 29 år, bur på Haugerud og jobbar i SV. Distré og stort sett ganske blid. Liker å bruke tida mi på kaffi, bøker, skog og politikk.

Visit Website

4 Comments

  1. Olivia
    Olivia 02/03/2011

    Jeg kjenner meg igjen i det du skriver, noen ganger må man få ting på avstand før man klarer å se hva som egentlig har skjedd. Og da er det ofte sent å reagere.

  2. Susanne

    Bra tema. Og hva om dette er på julebordet? Det er lett å være enig i at klyping av rumpa er helt uakseptablelt. Men kanskje ikke så lett å være festbremsen som lager en sak ut av noe sånt på julebordet…

  3. Liv-Tone Ruud 05/10/2011

    Et godt tips til situasjoner der du skulle ønske du gjorde eller sa noe, men ikke gjorde det er å øve inn ei frase eller slengbemerkning på forhånd. Da kan det være lettere å reagere neste gang.

  4. trine
    trine 29/10/2011

    Hei Liv-Tone

    Takk for godt tips. Det skal eg gjere!