Det store sviket mot innvandrarkvinnene

Sylvi Listhaug

Heilt sidan 1970-talet har minoritetskvinnerørsla i Noreg kjempa for at kvinner som har innvandra til Noreg på grunn av ekteskap skal kunna vera sjølvstendige og uavhengige av ektefellen. Foreign Women’s Group – i dag kjend som Mirasenteret, peika på at reglane i utlendingslova baud på alvorlege hindringar for kvinners sjølvstende og fridom.

Minoritetskvinnerørsla stilte klare likestillingspolitiske krav: Rett til å arbeida og sjølvstendig opphald frå dag éin.

Ekteskapsinnvandrarar fekk ikkje lov til å arbeida, og var derfor fullstendig økonomisk avhengige av ektefellen. Dei mista og opphaldsløyvet dersom ekteskapet gjekk i oppløysing dei to første åra, og var derfor avhengige av ektefellen for i det heile å få bli i landet.

Minoritetskvinnerørsla stilte klare likestillingspolitiske krav: Rett til å arbeida og sjølvstendig opphald frå dag éin. Det første kravet fekk dei gjennomslag for, men for sjølvstendig opphald vart ventetida forlenga frå to til tre år – i dag kjend som treårsregelen.

Frå og med i haust må ein dokumentera ei årsinntekt på 238.784 kroner før ein kan få sjølvstendig opphaldsløyve.

Krisesenterrørsla vart også tidleg merksam på problema som treårsregelen førte til. Kort tid etter at det første krisesenteret vart oppretta i Oslo i 1978, dukka det opp ekteskapsinnvandrarar som følte seg tvungne til å bli verande i valdelege forhold fordi dei ville bli kasta ut av landet dersom dei gjekk frå mannen. Trass i eksisterande unntaksreglar i utlendingslova, melder krisesentera stadig om fortvilte innvandrarkvinner som blir hjå ein kontrollerande og valdeleg ektemann på grunn av denne regelen.

Innvandrarkvinner skal ha same mogelegheit til å skilja seg, same rett til vern mot vald, og same rett til sjølvstende som alle andre kvinner i Noreg. Derfor har minoritetskvinnerørsla og krisesenterrørsla kjempa mot treårsregelen i 40 år. Men den politiske makteliten har ikkje vore til å rikka i det spørsmålet.

Minoritetskvinnerørsla og krisesenterrørsla kjempa mot treårsregelen i 40 år.

I 2016 ville regjeringa forverra situasjonen ytterlegare for innvandrarkvinnene med å utvida treårsregelen til fem år. Stortinget stemte mot, men allereie i år har regjeringa fått med seg fleirtalet på ei brutal lovendring. På toppen av treårsregelen og krav om gjennomført norsk og samfunnsfagskurs, må ein no dokumentera ei årsinntekt på 238.784 kroner før ein kan få sjølvstendig opphaldsløyve.

Innvandrarkvinner må betala ein høg pris for uavhengigheit og sjølvstende.

Økonomisk og juridisk avhengnad forsterkar kvarandre: Forsking viser at avhengig opphaldsløyve fører til økonomisk avhengnad. Og den som er økonomisk avhengig, vil heller ikkje ha sjanse til å få uavhengig opphaldsløyve.

Gong på gong har kvinnerørsla peika på at treårsregelen er til hinder for sjølvstende, uavhengigheit og fridom for innvandrarkvinner. Politiske makthavarar er klar over at utlendingsloven gjer ekteskapsinnvandrar sårbare for vald og utnytting. Men innvandringsregulerande omsyn kjem alltid først.

Dette er mørkeblå innvandringspolitikk og klassepolitikk i uskjønn foreining.

Det nye inntektskravet er ei dramatisk forverring av situasjonen for innvandrarkvinner og -menn, og er innført nesten utan offentleg debatt. Dette er mørkeblå innvandringspolitikk og klassepolitikk i uskjønn foreining. Inntektskravet vil føra til at dei av oss som er økonomisk og sosiale marginaliserte, får ein endå vanskelegare situasjon. Folk er dømd til midlertidigheit og avhengnad i all overskodeleg framtid. Frå no av må ein, i heilt bokstaveleg forstand, betala ein høg pris for uavhengigheit og sjølvstende. Dette er det store sviket mot innvandrarkvinnene.

Teksten vart først publisert i Bergens Tidene 16. august 2017.

Illustrasjonsbilde: Justis- og beredskapsdepartementet, “Sylvi Listhaug intervjues av media” (CC BY-ND 2.0).

Meir frå Maddam om treårsregel og innvandring:

Om forfatteren

Helga Eggebø

Helga Eggebø

Eg er sosiolog, feminist og friluftsentusiast. Anten skriv eg så blekket sprutar om sånt som likestilling eller innvandringspolitikk. Elles finn du meg hoppande rundt i fjellet med eit lukkeleg glis. Eg bur og arbeider i Steigen i Nordland. Bloggar òg på www.helgaeggebo.no

Visit Website

  • Jo Øiongen

    Så det er viktigere å bli i det rike Norge enn å skille seg fra en voldelig mann?