Meir enn eit omdømmeproblem

Seksuell trakassering er alvorleg i seg sjølv, ikkje berre fordi det gir eit dårleg rykte.

Då eg gjekk på skulen, gjekk det rykte om at den eine gymlæraren vår ikkje var heilt god. Han var kjent for å vere litt for glad i å sjå på jentene i gymmen. Eg aner eigentleg ikkje om det var noko i dei rykta, men eg hugsar kor ille me synst det var den gongen etter gymtimen der han hadde gløymt noko i materialrommet innanfor jentedusjen, så han måtte gå forbi alle dei nakne jentene i klassen for å få fiksa det han skulle. Kom han faktisk fordi han hadde noko å fikse, eller var det for å sjå på oss?

4051425882_17ace5f0b7_z

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Seksuell trakassering, eller rykte om autoritetspersonar som trakasserer, gjer folk utrygge. Difor må institusjonane der dette skjer ta problemet alvorleg, også før det skjer. Men eg har kjensla av at mange ikkje tenkjer at dette er viktig nok i seg sjølv, men at omdømmeproblemet det kan gi er veldig alvorleg. To nylege saker frå media har, på kvar sin måte, forsterka det inntrykket.

Det fyrste eksempelet – overgrep i Forsvaret

Onsdag denne veka meldte media om at talet på registrerte seksualrelaterte lovbrot i Forsvaret, som valdtekt, overgrep og seksuell trakassering, hadde blitt firedobla på fem år. I nyhendesaka om tala uttalte leiaren i Norges Offisersforbund dette:

– Dette er en kraftig varsellampe, og svært negativt for Forsvaret sitt omdømme, sier Torbjørn Bongo som leder Offisersforbundet.

Han er bekymret over at tallet har gått så kraftig opp.

– Tallene er alvorlig, og det kan i ytterste konsekvens gå ut over omdømmet til Forsvaret. Så her er det viktig at Forsvaret tar grep og må gjøre noe med situasjonen, sier Bongo.

Svaret forbausa meg. Det er jo bra at Offisersforbundet tar dette alvorleg, men burde dei ikkje meine det var alvorleg på grunn av at sakene i seg sjølv er alvorlege, ikkje på grunn av at dei går ut over Forsvarets omdømme? Den ytterste konsekvensen er vel at fleire blir valdtekne eller utsette for overgrep enn i dag? Forhåpentlegvis er det berre ei lite gjennomtenkt formulering, men mitt inntrykk er at frykten for tapt omdømme ikkje er heilt uvanleg for denne typen saker.

Det andre eksempelet – UiS-saka

Mange har også diskutert saka om professoren ved Universitetet i Stavanger som har sendt trakasserande epostar til unge kvinner, ei av desse kvinnene var hans student. Då Universitetet i Stavanger blei konfrontert med saka, sa instituttleiaren fyrst at dei skulle snakke med professoren som hadde sendt meldingane etter ferien om fire veker. I ettertid har det kome ut at dei har snakka med professoren no før ferien var over. Kanskje ikkje så rart med halve presse-Noreg på trappa. Spørsmålet er om noko hadde skjedd om pressa ikkje hadde vore involvert i saka.

Instituttleiaren sa dette i eit intervju kort tid etter at saka blei kjent:

– Jeg fikk oversendt disse meldingene mandag, men har fortsatt ikke snakket med ham. Jeg synes denne saken er alvorlig av hensyn til jentene, men også av hensyn til universitetets omdømme, sier han til VG.

Forskning.no sjekka også kva Universitetet i Stavanger sa om varsling på nettsidene sine. Då blei klårt at dei fraråda varsling meir enn å oppmode til det. Grunnen var, nok ein gong, at studentar må ta omsyn til universitetets omdømme.

Me treng fakta

Sakene viser eksempel på institusjonar som stadig er for dårleg rusta til å førebygge og handtere seksuell trakassering. Kanskje vil meir kunnskap om konsekvensane for dei som blir ramma kunne bidra til at folk ser på dette som eit større problem. Her er nokre eksempel på kva personar som blir utsett for seksuell trakassering kan oppleve:

  • redusert konsentrasjonsevne
  • søvnløshet
  • angst, depresjon og fysiske stressreaksjoner
  • søvnproblemer
  • vansker med å kunne stole på andre
  • vansker med nærhet
  • en negativ effekt på sosiale aktiviteter
  • følelse av skyld og skam

(henta frå Norges Idrettsforbunds gode manual med rutinar for førebygging av seksuell trakassering.)

Det er heller ikkje sånn at dette skjer berre unntaksvis. Ei ny undersøking viser at 1 av 8 studentar har opplevd seksuell trakassering frå ein medstudent eller tilsett ved lærarstaden. Det er også vanleg i arbeidslivet. FAFO dokumenterte for eksempel at innanfor hotell og restaurantbransjen, eller helse og omsorg, som er to verstingbransjar, har to av fem tilsette opplevd seksuell trakassering i samband med jobben dei siste tre åra. Samtidig er det jo interessant å sjå at arbeidsgivarane i den same undersøkinga i mindre grad definerer dette som eit problem.

Seksuell trakassering kan også gi utryggleik for dei som ikkje blir direkte ramma. Tenk deg sjølv at du er student og veit at førelesaren din er kjent for å sende seksualiserte meldingar. Tør du då å sende ein e-post med eit fagleg spørsmål? Og tør du å kontakte andre førelesarar seinare, med tillit om at det ikkje kan kome tilsvarande tilnærmingar derifrå? Indirekte kan problemet altså gå ut over fleire enn dei direkte involverte. Bidrar det til mindre læring? Mindre trivsel? Dårleg helse? Veit ikkje, og det finst sikker ein del forskarar som kan svare meir utdjupande på det. Men eg trur uansett at den helse- eller utdanningsministeren som hadde klart å få bukt med seksuell trakassering hadde fått eit betydeleg friskare og klokare folk i retur.

Me treng altså folkeopplysning og skikkelege rutinar, i heile utdanningssystemet og i heile arbeidslivet. Rutinar er kanskje kjedeleg å snakke om, men dei er utruleg viktige når du treng dei. Særleg for dei direkte involverte, men også for resten. Gymtimane på min skule hadde i alle fall blitt mykje betre om me hadde visst kven me kunne snakke med om alle rykta som gjekk om gymlæraren vår. Og kanskje hadde litt meir kunnskap fått folk til å snakke mindre om omdømmetap og meir om alvoret i saka når dei oppdagar at nokon har blitt utsett for seksuell trakassering på akkurat deira arbeidsplass.

Bilete: Gym av Monika Hoinkis (CC BY-NC-ND 2.0). 

Om forfatteren

trine

trine

Eg er 29 år, bur på Haugerud og jobbar i SV. Distré og stort sett ganske blid. Liker å bruke tida mi på kaffi, bøker, skog og politikk.

Visit Website