Noregs minst likestilte yrke?

Lever du av å fiske i Noreg i dag, er du sannsynlegvis ikkje ei kvinne.

7919545242_ff2e2db281_z

 

Eit av våre mest tradisjonsrike yrke har ein elendig likestillingsstatistikk. Kvinner disponerer 12 av 1800 fiskekvoter, i følgje NRK.  Det er ingenting. Under 1 promille, faktisk.

Eg veit ikkje kvifor det er sånn. Tradisjon forklarer sikkert ein del. Det er eit yrke som ofte har gått i arv frå far til son. Fysiske krav kan kanskje forklare noko. Trakassering kan ein annan grunn. Nyleg stod fiskaren Sandra fram og fortalte at ho får respekt på sjøen, men møter elendige haldningar så fort ho kjem på land. Ho har møtt båtselgarar som snakkar babyspråk til ho, ho får spørsmål om ho er på båten for å vaske og ho møter forsikringsselskap som ikkje tar ho alvorleg fordi ho er kvinne.

Dette er på ingen måte bra nok. Alarmklokkene burde ringt i Fiskeridepartementet for lenge sidan. Det har dei ikkje gjort. Og samtidig pågår det store slag i fiskeripolitikken som også vil påverke korleis det vil gå med rekrutteringa av kvinner framover. I vinter føreslo eit ekspertutval, Eidesen-utvalet, på bestilling frå regjeringa å innføre evigvarande kvotar. Det betyr at om du har fått ei fiskekvote frå staten, er denne din til evig tid. Det betyr at ein ressurs som tradisjonelt, og i dagens lovverk, blir sett på som noko me eig i fellesskap, blir privatisert og gitt bort. Det er ingen tvil om at det gjer det dyrare å få seg ei fiskekvote, og med det vanskelegare å kome seg inn i yrket. Det gjer det også vanskelegare å ta politiske grep for meir likestilling, for eksempel ved å øyremerke ein andel kvotar til kvinnelege fiskarar for å få opp rekrutteringa. Fellesskapet kan miste kontrollen over fisken, ein av våre dyrebare og evigvarande felles ressursar.

I fjor gjorde fiskeriministeren fleire grep som også gjer kvotane dyrare, og inngangsbilletten til yrket vanskelegare å få tak i. Han oppheva fylkesbindingane for kvoter, som for eksempel la til rette for at folk i Nordland kunne kjøpe kvoter frå Finnmark. Kjøpesterke fekk ein større marknad å kjøpe frå, prisen gjekk i taket. Han kom også med ein instruks som gjorde det mogleg å flytte ein kvote tildelt ein liten båt over til ein større båt, ein instruks Stortinget heldigvis nettopp fekk stoppa.

Prisgaloppen dei siste åra viser at det har vore ei sterk utvikling over mange år. Prisen for fisketillatelse for farty mellom 11 og 15 meter har for eksempel auka med 682% frå 2007 til 2015 (i følgje Fiskeridirektoratet). Ungdom fortel at dei slit med å kome inn i yrket.

Retninga fiskeripolitikken tar dei neste åra vil vere avgjerande for korleis det går med rekrutteringa av både kvinner og ungdom. Eg er bekymra for ei utvikling der fiskaryrket ikkje lenger blir eit kvardagsleg yrke i små og store kystsamfunna, men at det heller blir eit yrke for nokre få pengesterke som held til i nokre få byar langs kysten. Det er ikkje ei oppskrift på som bidrar til at ressursane i havet kjem lokalsamfunna til gode, som Havressurslova seier dei skal, det er heller ikkje ei oppskrift på meir likestilling.

Heldigvis er det også positive ting på gong. No har Fiskarlaget fått eit eige kvinnenettverk. Kanskje kan det bidra til at me får fleire enn 270 registrerte kvinnelege yrkesfiskarar (av 11 000 totalt) framover.  Eg fryktar berre at eit kvinnenettverk langt på nær er nok for at me skal klare å veie opp for ulempa me har i at Per Sandberg er fiskeriminister.

 

Bilete: Fiskebåt utenfor Trondheim av Trondheim Havn (CC BY-SA 2.0)

Om forfatteren

trine

trine

Eg er 29 år, bur på Haugerud og jobbar i SV. Distré og stort sett ganske blid. Liker å bruke tida mi på kaffi, bøker, skog og politikk.

Visit Website

  • Jo Øiongen

    Hvorfor skal en øremerke kvoter for kvinner? Hva i alle dager er det som er så spesielt med kvinner at de trenger egne kvoter? Er det noe som helst som hindrer en kvinne i å få en kvote, på lik linje som en mann? Mitt tips på hvorfor det er så få kvinnelige fiskere er fordi det er et fysisk hardt og farlig yrke. Men kudos for å argumentere for å kvotere kvinner inn i farlige yrker også og ikke bare inn i ufarlige styrerom. (Selv om kvotering per definisjon er en uting som ikke burde vært lov på noe som helst vis).

  • Tosh83

    https://www.nrk.no/finnmark/skipper-sandra_-_-kvinnene-er-verst-mot-meg-1.13387020

    Det virker jo ikke så mørkt som jeg får inntrykk av i denne artikkelen.

    Jeg tror ikke kvotering er veien å gå. Mye er kanskje gjort med bedre informasjon, om f.eks. ting som at fiske har blitt et tryggere yrke. Og om mulighetene som er der, slik som denne kvinnens historie. Mye er gjort av god og interessant journalistikk.

    Jeg skjønner ikke hvorfor man er så glad i kvoteringer. Hvorfor er kjønnsandel viktig her, men ikke f.eks. ved psykologistudie? Hvilken samfunnsnytte har det at torsken er dradd av en kvinne?

  • JanRunarBrunsvik

    Fiskere tjener ganske godt. Hvordan ser statistikken ut på hvor mange kvinner som nyter godt av økonomien til en mannlig fisker som tjener mye mer enn henne
    kontra hvor mange menn som får nyte godt av inntjeningen til en kvinne som tjener mye mer enn han? Eller…hvordan var det nå med dette hypergamiet og kvinners partnerpreferanser igjen..var kanskje ikke så likestilt det nei.