Berre kvite babyar

Spedbarnsboken

På sjukehuset då Magnus vart fødd, fekk me med oss ein gratis publikasjon heim: “Spedbarnsboken 2016/2017”. Heime hjå oss har boka gått under namnet “instruksjonsboka” og vore eit nyttig oppslagsverk for nybakte foreldre. Men eg hadde ikkje bladd mykje i boka før det slo meg at alle babyar og foreldre i boka er kvite i huden. Gjerne med lyse lokker, blå auge og kvite klær.

Kvit, blond og blå auge

Etter å ha granska publikasjonen litt nærare kunne eg slå fast at alle foto og teikningar i boka, både til artiklane og reklamesidene, portretterer kvite barn, kvinner og menn. Der er eitt unntak: På ei reklameside for babyverden.no (s 96) er der frimerkestore bilde av 20 barn. Eitt, til nøds to av dei kan passera som nokon anna enn kvit. Korleis kan de ha seg at forlaget har vald å illustrera ei bok som til nybakte foreldre i Noreg på ein så lite representativ og inkluderande måte?

Kva om boka heller hadde vore illustrert utelukkande av menneske med brun hud og svart hår?

Kva om boka heller hadde vore illustrert utelukkande av menneske med brun hud og svart hår? Det mest slåande måten å synleggjera normer på er gjerne å visa fram det motsette, slik det er gjort i ein slåande billedserie publisert i Oprah Magazine: Ei lita jente med lys hud og lyst hår står og ser på ein hyllereol dekka av dokker som alle har brun hud og svart hår. Ei kvit og blond kvinne i hushjelpsuniform serverer te til ei frue med mørkt hår og olivenfarga hud.

Ingen regnbuefamiliar i denne boka.

I Spedbarnsboka, som så ofte ellers, er kvite personar tildelt det privilegiet det er å representera folk generelt. Dei av oss som er kvite representerer norma, medan dei av oss som ikkje er det representerer dei andre. Dei andre er dei som ikkje finst i det universet boka teiknar opp.

Hetero heile gjengen

Ettersom eg las meir i dei fine og informative artiklane i boka, noterte eg meg også at der heller ikkje finst bilde av foreldre av same kjønn i boka. Det er anten bilde av mor og barn, far og barn eller mor, far og barn. Ingen andre relasjonar. Der er heller ingen artiklar som nemner, illustrerer eller handlar om dei av oss som ikkje lever hetero. Ingen regnbuefamiliar i denne boka.

Klasse

Kapittelet om økonomi slo meg også som interessant på fleire måtar. Forfattarane slår fast at barn betyr fleire utgifter for hushaldninga og føreslår budsjett og bufferkonto. Vidare spør dei om ein også skal spara til barnet, og føreslår: “Noen setter barnetrygden på sparekonto, andre har større eller mindre faste månedlige trekk” (s 155). Å spara til hushaldet og til ungen er eit gode – eit privilegium som nokon har og andre ikkje. Det blir så tydeleg at teksten snakkar til dei av oss som ikkje treng barnetrygda for å få kvardagen til å gå opp. Teksten er ikkje skriven om og til foreldra til dei 98.000 barna som veks opp i fattigdom i Noreg. Teksten snakkar til dei av oss som ikkje har særlege økonomiske bekymringar. Teksten kan dessutan lett skapa eit inntrykk av at alle (gode) foreldre burde setta barnetrygda på sparekonto og byggja opp kapital til barnet.

Teksten er ikkje skriven til foreldra til dei 98.000 barna som veks opp i fattigdom i Noreg.

Kapittelet om barnehage er også interessant i eit klasseperspektiv. Første setning i ingressen om barnehage lyder slik: “Skal barnet gå i barnehage, eller har dere anledning til å forlenge permisjonen?” Teksten snakkar til eit “dere” som kan ta seg råd til ikkje å jobba sjølv om den betalte permisjonen er slutt. Det gjeld openbart ikkje dei av oss som er åleineforsørgjarar – og det er faktisk ei av ti kvinner som føder barn. Det gjeld heller ikkje dei av oss som lever i parforhold og som er avhengige av at begge jobber for å få økonomien til å gå opp. Den uuttalte norma som ligg til grunn for spørsmålet er heteropar der han tener så mykje og ho såpass lite at dei greier seg fin utan hennar inntekt.

Relevant informasjon

Godt og relevant innhald for flest mogleg foreldrar kan og bør kombinerast med inkluderande billedbruk, språk og tekst. Når “Spedbarnsboken 2016/2017” så tydeleg tek utgangspunkt i erfaringane til kvite heteropar med god økonomi, så blir andre menneske og erfaringar usynleggjort. Mykje av den faktiske informasjonen i boka er nok likevel relevant også for andre av oss. Men boka har også manglar som ikkje blir synlege før ein tek utgangspunkt i andre erfaringar. Eit døme på viktig informasjon som kunne vore inkludert i delen om økonomi, NAV og permisjonsrettar er eit kapittel om statsborgarskap. Stadig fleire barn fødde i Noreg har ein eller to foreldrar som ikkje er norske statsborgarar. Då er det ikkje sikkert barnet heller er norsk statsborgar. Informasjon om regelverk og nødvendige søknader er viktig. Vær så god, Sandnviks! Eit heilt gratis tips til neste utgåve.

Kjelder:

  • Spedbarnsboken 2016-2017 er gjeve ut av Sandviks (Sandviks står også bak Babyverden.no, Familieverden.no og Goboken.no)

Meir frå Maddam:

Illustrasjonsfoto: Helga Eggebø

Om forfatteren

Helga Eggebø

Helga Eggebø

Eg er sosiolog, feminist og friluftsentusiast. Anten skriv eg så blekket sprutar om sånt som likestilling eller innvandringspolitikk. Elles finn du meg hoppande rundt i fjellet med eit lukkeleg glis. Eg bur og arbeider i Steigen i Nordland. Bloggar òg på www.helgaeggebo.no

Visit Website

  • Frank Follestad

    Nesten så man skulle tro det var bilde av norske barn i en norsk brosjyre.