Nasjonal strateg på likestillingsfeltet

Hege_Skjeie redigert

Professor Hege Skjeie vert omtala som ein “nasjonal strateg på likestillingsfeltet”. Ho er Noregs første kvinnelege professor i statsvitskap. Ho var eit profilert medlem av Makt- og demokratiutreningen og leiar for Likestillingsutvalget. No er ho tildelt ein europeisk pris for sitt omfattande akademiske arbeid og samfunnsengasjement for likestilling.

Kreativ, analytisk, prinsipiell og uredd.

Skjeie blir heidra for banebrytande teoriutvikling når det gjeld likestilling, juss og politikk. Tildelarane har lagt særleg vekt på hennar bidrag til utviklinga av interseksjonell teori og politikk, det vil seia likestilling i skjeringsfeltet mellom ulike diskrimineringsgrunnlag, som kjønn, etnisitet og religion.

Dei trekk også fram viktige analytiske kategoriar frå Skjeie, som “likestillingens vikeplikt” og “på veg-metaforen”. Med desse omgrepa skildrar ho på treffande vis korleis likestillinga gjerne må vika for andre viktige omsyn, og tanken om at likestilling kjem av seg sjølv berre ein er tålmodig og tek tida til hjelp.

På treffande vis har Skjeie skildra korleis likestillinga gjerne må vika for andre viktige omsyn.

Den europeiske prisen “The ECPG Gender and Politics Career Achievement Award” blir delt ut anna kvart år til akademikarar som har bidratt i særleg grad til utviklinga av fagfeltet kjønn og politikk. Men i Skjeie sitt tilfelle er det ikkje berre det akademiske arbeidet som blir vektlagd: Ho utmerkar seg også som ein særleg samfunnsengasjert akademikar. Ho er fast spaltist i Dagens Næringsliv, og i denne spalta har ho presentert skarpe analysar og sett likestillingspolitikk på dagsordenen. Ho har også hatt viktige posisjonar som medlem av Makt- og demokratiutredningen, medlem av Likestillings- og diskrimineringsnemnda og ikkje minst som leiar av Likestillingsutvalget.

Ho utmerkar seg som ein særleg samfunnsengasjert akademikar.

Helga Hernes, nestor innanfor forsking på velferdsstat og likestilling, skildrar Skjeie som “kreativ, analytisk, prinsipiell og uredd” og held fram at ho er til stor inspirasjon for kollegar og studentar.

Det er tidlegare medlem av Likestillingsutvalget, professor Cathrine Holst, som i ei nyhendesak frå CORE omtaler Skjeie som “en nasjonal strateg innenfor likestillingsfeltet”. Ein heilt presis karakteristikk, uttaler Marie Simonsen i ein melding på Twitter. Videre fortel Holst at “vi som var med i Likestillingsutvalget vet hvilken kraft hun var internt og hvor mange av de mest interessante og nyskapende forslagene som har hennes signatur”.

En nasjonal strateg innenfor likestillingsfeltet

Eg hadde sjølv gleda av å sitja i utvalet i lag med Holst og Skjeie, og stiller meg fullt og heilt bak Holst sine ord. I etterkant av utvalsarbeidet har eg dessutan hatt gleda av mange samtalar med Hege om likestillingspolitikk generelt og oppfølginga av utvalgsarbeidet spesielt. Hennar evne til å kombinera grundig og nyskapande akademisk arbeid med samfunnsengasjement og politisk analyse er til stor inspirasjon. Det er personar som Hege Skjeie som gjer akademia spennande og relevant. Eg sett stor pris på, og tek med meg vidare i livet, Hege si støtte og oppmuntring til yngre akademikarar som meg sjølv. Det inspirerer meg til å prøva og spela den rolla for andre i arbeidet for likestilling.

Oslo, Norge. 30.09.2014. Hege Skjeie . Foto: Thomas Haugersveen

Gratulerer med ei svært velfortent utmerking, Hege!

Foto:

Kjelder:

 

 

 

Om forfatteren

Helga Eggebø

Helga Eggebø

Eg er sosiolog, feminist og friluftsentusiast. Anten skriv eg så blekket sprutar om sånt som likestilling eller innvandringspolitikk. Elles finn du meg hoppande rundt i fjellet med eit lukkeleg glis. Eg bur og arbeider i Steigen i Nordland. Bloggar òg på www.helgaeggebo.no

Visit Website