Mødrer på flukt

pregnancy

Ei av ti kvinner på flukt gjennom Europa er gravide. Dei har liten eller inga tilgang til svangerskapsomsorg og fødselshjelp. Sjølv kvinner på flukt som i utgangspunktet har god helse, har høg risiko for komplikasjonar og død i samband med svangerskap og fødsel.

Gravide kvinner som er i ein vanskeleg humanitærsituasjon, til dømes på flukt eller i flyktningleir, er i stor risiko. Kvar einaste dag døyr 500 kvinne i slike situasjonar på grunn av komplikasjonar i samband med svangerskap og fødsel.

Ei av ti kvinner på flukt gjennom Europa er gravide.

Det er ikkje nødvendigvis total mangel på tilgang til helsehjelp som er problemet for gravide kvinner på flukt. Mangel på tillit til europeiske myndigheiter gjer at mange ikkje tør, eller venter til i siste liten, med å oppsøka hjelp. Humanitære organisasjonar i Hellas og Makedonia melder om kvinner som forsvinn frå sjukehuset mindre enn 24 timar etter fødsel, sjølv etter keisersnitt. Mange av dei vil oppleva utmatting, blødingar og andre alvorlege komplikasjonar.

Dei forsvinn frå sjukehuset for ikkje å koma vekk frå familien sin, eller for å koma vidare på reisa. Folk er fullstendig klar over at dersom dei blir registrerte i Hellas har dei ikkje rett til å søkja asyl i andre europeiske land. Situasjonen for flyktningar i land som Makedonia, Italia og Hellas er prekær.

Mangel på tillit til europeiske myndigheiter gjer at mange ikkje tør, eller venter til i siste liten, med å oppsøka hjelp.

Verdas helseorganisasjon (WHO) kategoriserer det store fleirtalet av mødredødsfalla i verda som “preventable” – det vil seia at dei kunne vore hindra med relativt elementær helsehjelp. 60 prosent av mødredødsfall som kunne vore forhindra, skjer i land med krig, konflikt og naturkatastrofar.

I 2016 var kvinner og barn for første gong i klårt fleirtal blant flyktningar og migrantar – 55 prosent mot 29 prosent året før. Å skaffa kvinner på flukt tilgang til elementær helsehjelp i samband med graviditet og fødsel er ei livsviktig oppgåve.

Det store fleirtalet av mødredødsfalla i verda kunne vore hindra med relativt elementær helsehjelp

Derfor har FNs høgkommisær for flyktningar (UNHCR) etablert 20 såkalla Blue Dot centers. Dette er helsesenter for barn og familiar lokalisert strategiske ved grenseovergangar i Europa. Dei tilbyr elementære helsetenester for mødre og barn.

FNs befolkningsfond (UNFPA) har etablert mobile helseklinikkar i Serbia og Makedonia, kor dei har tilgang på ultralyd. Ultralydundersøking før fødsel kan vera heilt livsviktig: I januarutgåva av Time Magazine fortel dei historia til den syrisk kvinna Suad med fastgrodd morkake. Suad er ei av meir enn 1000 syriske kvinner som har fødd i Hellas i 2016. Suad ville heilt sikkert blødd i hel under fødselen dersom ikkje denne komplikasjonen hadde blitt identifisert og handtert ved keisersnitt og påfølgjande operasjon.

Kvar einaste dag døyr 500 kvinner som lever i ein vanskeleg humanitær situasjon, av komplikasjonar knytt til svangerskap og fødsel.

Dei fleste syriske flyktningane har vore vane med å ha tilgang på profesjonell helsehjelp i samband med svangerskap og fødsel. No befinner dei seg i ein heilt annan situasjon: I flyktningleirar i Hellas prøver dei nybakte foreldra, som alle andre foreldre, å gje dei nyfødde barna sine ein så god start på livet som mogleg. Med under harde vinterstormar og temperaturar langt under frysepunktet, i telt og lagerbygningar utan tilgang til oppvarming, er tilhøva prekære.

Illustrasjonsbilde: Pregnancy av Tatiana Vdb, CC BY 2.0.

Kjelder:

Om forfatteren

Helga Eggebø

Helga Eggebø

Eg er sosiolog, feminist og friluftsentusiast. Anten skriv eg så blekket sprutar om sånt som likestilling eller innvandringspolitikk. Elles finn du meg hoppande rundt i fjellet med eit lukkeleg glis. Eg bur og arbeider i Steigen i Nordland. Bloggar òg på www.helgaeggebo.no

Visit Website