Feminisme for alle kjønn?

transrights-civil-rights

Dei siste dagane har det storma rundt SV sin årlege kvinnekonferanse. I programmet stod den britiske journalisten og aktivisten Julie Bindel, i LHBT-miljøet kjent som ein aktiv hatpratar på nett. Bindel var i utgangspunktet invitert til å snakke om prostitusjon og sexkjøpslova, men då arrangørane blei gjort oppmerksom på kva Bindel stod for valgte dei å trekke invitasjonen.

Korleis kan transrørsla og kvinnerørsla samarbeide i kampen mot kjønnsundertrykking?

Dette har igjen skapt protestar blant enkeltpersonar som ønska Bindel på konferansen. Debatten rundt Bindel synleggjer ideologiske skilnadar mellom transrørsla og delar av kvinnerørsla, og stiller ein del grunnleggande spørsmål om feministisk ideologi og aktivisme. Kven kan bruke feministisk teori for å frigjere seg sjølv? Korleis forstår vi kjønn? Og korleis kan transrørsla og kvinnerørsla samarbeide i kampen mot kjønnsundertrykking?

Transfobi

Bindel blir skildra som transfobisk av to årsakar. For det første på grunn av dei politiske standpunkta ho har inntatt om kjønnsidentitet og kjønnsbekreftande behandling. I “The surgery that might ruin your life” argumenterar ho med at reaksjonære, mannlege psykologar oppfann kjønnsdysfori på 50-talet. Kjønnsdysfori er ei kjensle av å vere ukomfortabel med kjønnet ein fekk tildelt etter fødsel, og vil for nokon medføre eit behov for å endre kroppen sin. I artikkelen argumenterar Bindel vidare med at dei av oss som er trans ikkje burde gjennomgå kjønnsbekreftande behandling. I “Gender benders, beware” frå 2004 skriv ho: “Also, those who ‘transition’ seem to become stereotypical in their appearance – fuck-me shoes and birds’-nest hair for the boys; beards, muscles and tattoos for the girls. Think about a world inhabited just by transsexuals. It would look like the set of Grease.”

Bindel bør ikkje bli invitert til arrangement på grunn av transfobiske utsagn. Kva ho eller transaktivistar måtte meine om sexkjøpslova er dermed irrelevant.

I tillegg til å lattarleggjere transfolk nektar ho å anerkjenne folk sin kjønnsidentitet. Posisjonen til Bindel er klar: Ho sett seg sjølv over transfolk i det ho veit betre enn transfolk kva som er bra for oss. Den andre og kanskje viktigaste årsaken til at Bindel blir skildra som transfob er den harde og latterleggjerande tonen på sosiale medier. Seinast på Facebook 4. januar la Bindel ut ein link med ein sak om ei 17 år gammal transjente, der Bindel i staden for å kommentere saken gjer det spesielle valet å kommentere kjønnsorgana til jenta. Dette er seksuell trakkassering og offentleg uthenging. ( )

Transfolk i prostitusjon

Kritikken mot invitasjonen av Bindel går på hennar mange kontroversielle utsagn mot transpersonar. Motkritikken går derimot på at sexkjøpslova og prostitusjon er viktig å diskutere. Debattantar og motdebattantar diskuterar dermed ulike tema i samme debatt. Om nokon hadde foreslått å invitere ein kjent hatpratar mot kvinner til å snakke om økonomisk politikk med argumentasjonen “han skal ikkje snakke om kvinner, kun økonomi”, hadde dette neppe fått særleg gehør. Økonomisk politikk påverkar kvinner.

Transkvinner, transmenn og ikkje-binære sel sex i langt større grad enn heterofile ciskvinner.

Men gitt at Bindel holdt eit foredrag der ho ikkje snakka om trans: Kan ein eigentleg diskutere prostitusjon utan at dette på nokon måte påverkar transpersonar?Prostitusjonspolitikk påverkar transpersonar i langt større grad enn cispersonar, skal vi tru undersøkingar frå Sverige og USA. I den svenske rapporten “Sex for x” har 17 % av dei 215 transpersonane i undersøkinga hatt sex mot vederlag. Undersøkinga skiljar ikkje mellom transkvinner, transmenn og ikkje-binære. Pegasus-prosjektet, som stod bak rapporten, har samanlikna med tilsvarande undersøkingar og konkluderar med at talet for heterofile cispersonar (ikkje-trans) ligg mellom 1-2 %. I ei undersøking frå USA svarer 15 % av transkvinnene og 7 % av transmennene at dei har sexarbeid som si primære inntektskjelde. Transkvinner er altså dei mest overrepresenterte, men også transmenn og ikkje-binære sel sex i langt større grad enn heterofile ciskvinner. Å utelate ei såpass overrepresentert gruppe som transpersonar i ein debatt om prostitusjon er dermed i seg sjølv problematisk.

Stereotypar om transfolk

Avlysninga av Bindel ser ut til å ha ført ei rekke stereotypar og fordommar om transfolk fram i lyset. Blant kommentarane på Facebook ser det ut til å finnast ein idé om at transpersonar essensialiserar kjønn, eller at transpersonar meiner at kjønn ikkje er sosialt konstruert. Denne ideen er støtta opp av nettopp Bindel ved utsagn som “Transsexualism, by its nature, promotes the idea that it is ‘natural’ for boys to play with guns and girls to play with Barbie dolls.” Transfolk blir altså indirekte tillagt å vere feminine eller maskuline av ein person som kallar seg feminist. Til tross for manglande empiri tillegg Bindel transfolk som gruppe kjønnsstereotypar og meiningar om kjønn.

Kvinnerørsla har brukt mykje energi på å seie at ein kan vere feminist og feminin. Då må vel samme valfridommen også gjelde for transkvinner?

Eg har vore aktiv i LHBT-rørsla i mange år, og kan vidareformidle at kjønnsmangfaldet blant transpersonar er enormt. Det fins feminine, maskuline, androgyne og ukategoriserbare personar innanfor heile transspekteret. Vidare har kvinnerørsla brukt mykje energi på å seie at ein kan vere feminist og feminin. Då må vel samme valfridommen også gjelde for transkvinner? Kjønnsuttrykk må vere sjølvvalgt, og transkvinner må ha like stort rom til å velge sine eigne uttrykk som ciskvinner.

Eit anna gjentakande argument på Facebook-hendinga er at “transrørsla er imot sexkjøpslova”. Det er mange problematiske aspekt ved dette utsagnet. For det første bommar det på kritikken i utgangspunktet: Bindel bør ikkje bli invitert til arrangement på grunn av transfobiske utsagn. Kva ho eller transaktivistar måtte meine om sexkjøpslova er dermed irrelevant. Vidare pålegg det ei spesifikk meining på alle som engasjerar seg for transrettigheiter. Fordi transaktivisme er assosiert med det å vere trans er dette slitsomt for transpersonar som er for sexkjøpslova.

I kommentarfeltet: “Transkvinner har en tendens til å være selvopptatte og lite solidariske og engasjert i feminismen. Og der har hun vel litt rett?”

Debattane har provosert fram ei rekke fordommar og negative karakteristikkar om transpersonar. Blant anna kan vi lese i kommentarfeltet at “Hun (Bindel) påpeker at transkvinner har en tendens til å være selvopptatte og lite solidariske og engasjert i feminismen. Og der har hun vel litt rett?” Vidare kan vi lese at “markedskreftene har gjort transpersoner dobbelt utseende fiksert”. Begge utsagna er utan kjeldehenvising. Å pålegge alle medlemmar innanfor ei gruppe ein negativ karakteristikk er grunnleggande undertrykkande ovanfor den gruppa, og skapar stereotypar som det kan vere vanskeleg å bli kvitt.

Ei interseksjonell rørsle?

Det er problematisk om denne debatten blir redusert til politisk ueinigheit om kjønn eller sexkjøpnslova, slik det blir framstilt i Klassekampen si laurdagsutgåve. Dette handlar om at ein minoritet har sagt ifrå om at ein ikkje vil ha talarar som trakkar ein ned. Ideologiske debattar om kjønn eller politiske debattar om sexkjøpslova er viktig, men det må skje på likeverdige premiss. Når den eine parten opplever å måtte forsvare sitt eige likeverd skaper ikkje dette godt grunnlag for politisk diskusjon.

Dette handlar om at ein minoritet har sagt ifrå om at ein ikkje vil ha talarar som trakkar ein ned.

Eg trur mykje av grunnlaget for denne konflikta handlar om kven som skal stå i sentrum av feminismen. Feministiske rørsler har vore ciskvinnene si rørsle og ciskvinnene si frigjering. Det har vore ein viktig prosess for å styrke ciskvinner sin posisjon i samfunnet og å utvide trange kjønnsroller. Men andre grupper har ofte ikkje vore inkludert. Transkvinner har i staden hatt sine eigne opprør mot patriarkatet som ofte ikkje blir anerkjent som kvinnekamp. Stonewall-opprøret i 1969 blir gjerne omtalt som eit homoopprør, men var i stor grad opprøret til transkvinner som var lei av trakassering, voldtekter og fengsling frå politiet.

Dei fleste feministiske organisasjonane i Norge enige om at transkvinner har ein naturleg plass i den feministiske kampen.

Dei fleste feministiske organisasjonane i Norge enige om at transkvinner har ein naturleg plass i den feministiske kampen. Men for å skape reell likestilling mellom alle kjønn og fridom til å gjere kjønn som ein vil, må feminismen også jobbe breiare enn kun likestilling mellom kvinner og menn. Korleis stiller feministiske rørsler seg til ikkje-binære, altså folk som ikkje identifiserer seg som verken menn eller kvinner? Korleis kan transfolk si levde erfaring med å bli tolka som ulike kjønn vere nyttig i forståinga av korleis kjønn fungerar? Korleis er menneskerettsbrot mot intersexpersonar handtert og tematisert av feministiske organisasjonar? Og kva kan transmenn fortelje om mannsrolla som verken cismenn eller ciskvinner ser?

Når den eine parten opplever å måtte forsvare sitt eige likeverd skaper ikkje dette godt grunnlag for politisk diskusjon.

Om ein skal skape ei brei feministisk rørsle må ein åpne for andre subjekt i feminismen enn kun ciskvinner. Å bli inkludert eller fortalt at ein er velkommen er ikkje nok – kjønnsminoritetar må vere eit like naturleg subjekt i feministisk aktivisme som ciskvinner er. Det betyr at menneske som lev i desse situasjonane må bli gitt rom til å delta i debattane, og det betyr at små minoritetar innimellom må få hovudfokus for å kunne betre situasjonen for nettopp desse gruppene.

Ein interseksjonell feminisme krev litt audmjukheit for at vi har på oss ulike sko – og dermed vil mine sko trykke på andre stader enn dine sko.

Kvinnepolitisk utvalg i SV tok eit viktig steg mot ein meir interseksjonell feminisme då dei valgte å avlyse invitasjonen til Bindel. Som aktivistar kan vi alle gjere feil, men i staden for å stå ved invitasjonen valgte ein å lytte til transfolk og støttespelarar som protesterte på invitasjonen. Det står det respekt av. Ein interseksjonell feminisme krev litt audmjukheit for at vi har på oss ulike sko – og dermed vil mine sko trykke på andre stader enn dine sko.

Teksten er skriven av gjestebloggar Kai Viljar Eidsvik, styremedlem i SV sitt LHBT-nettverk.

Illlustrasjonsbilde: Trans Rights = Civil Rights av Women’s eNews, CC BY 2.0.

Meir frå Maddam om trans og interseksjonalitet:

Om forfatteren

Gjesteblogger

Gjesteblogger

Hvis du vil være gjesteblogger for Maddam, send en mail til hei@maddam.no. Få med hva du vil skrive om og tre linjer om deg selv.

Visit Website

  • Helt riktig avgjørelse av SV! Å akseptere trakassering og usynliggjøring av trans-personer ville på ingen måte være feministisk eller å inkludere alle kvinner.
    Jeg synes SV i aller høyeste grad viser at de står for en feministisk politikk når de tar avgjørelsen å avlyse foredraget med en person som har vist anti-feministiske, transfobiske holdninger.

    Godt gjort av SV! Fy skam til alle som støtter opp om anti-feministiske, transfobiske holdninger!