Meir press, mindre lønn?

Mellom bråket om budsjettfloke og Trump skjedde det i haust ting i arbeidslivet som har fått lite merksemd. Men dei er verdt å snakke om, for dei kan forandre jobbkvardagen vår.

27033113512_00f72e1f7d_z

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I november fekk me vite at arbeidsminister Anniken Hauglie har bestemt seg for at dersom arbeidstakarane sjølv ber om det, treng ikkje arbeid mellom klokka 21 og 23 om kvelden å telle som nattarbeid. Det betyr: dersom du sjølv seier det er greitt, får du mindre lønn enn før for å jobbe på kveldstid.

Når statsråden forklarer kvifor, er det på ein måte enkelt å henge med i forklaringa:

Mange kan jo kjenne litt på behovet for å være mer til stede i barnas våkne timer og heller ta frem pc-en etterpå, sier hun.

I mitt liv er denne lovendringa veldig praktisk. Om eg kan gå heim frå jobb litt tidlegare om ettermiddagen og heller jobbe etter sonen min si leggetid utan at det kostar sjefen min meir, er det jo veldig fleksibelt og fint. Men diverre er ikkje min situasjon særleg representativ for store delar av arbeidslivet. Kva betyr denne endringa i praksis for alle dei som ikkje har ein fleksibel jobb på eit kontor?

Eg trur den kan gi mindre lønn også for desse gruppene, utan at dei får meir fleksibilitet tilbake. Arbeidslivet vårt er samansett av masse forskjellige yrke. Nokre jobbar turnus på sjukehus. Andre jobbar i butikk med faste opningstider. Politifolk og industriarbeidarar har andre arbeidstidsordningar. Desse har det felles at dei ikkje kan gå heim når dei vil for å vere med barna sine. Ein frisør kan ikkje stenge salongen klokka 14 og opne den igjen etter leggetid klokka 21. I det yrket er ein sånn fleksibilitet heilt urealistisk.

Ei opning for at arbeidstakarar kan få dårlegare lønn for den tida dei jobbar om kvelden ”om dei vel det sjølv” er i praksis å opne døra for at arbeidsgivarar kan presse arbeidstakarane til å godta desse nye, dårlegare vilkåra, utan å ha særleg mykje val i praksis. Og utan å få glede av fleksibiliteten og familietida denne lovendringa skulle gi. Me får stadig rapportar om det useriøse arbeidslivet. Det er naivt å tru at dei useriøse aktørane ikkje vil utnytte dette.

Er du i ein usikker jobb, er det naturleg å ville godta dårlegare arbeidsvilkår for å kunne behalde jobben. Ein arbeidstakar som har vore arbeidsledig lenge, vil strekke seg langt for å kunne halde på sin nye jobb. Ein arbeidstakar som jobbar i midlertidig stilling, og har lyst på barn eller bustad, vil strekke seg langt for å gjere sjefen nøgd og med det få sjansen på ein fast jobb.

I desse førjulstider er det ofte kveldsope på storsentra.  Ein stor del av dei som jobbar der har dette som deltidsjobb eller går på midlertidig kontrakt. Dei er ikkje åleine om det. Under dei blåblå har arbeidsløysa gått opp og talet på midlertidige stillingar skote i veret. Det er vanskelegare å få fast jobb enn før. Det gir meir press. Eg har sjølv jobba på butikk tidlegare og hugsar dei harde reaksjonane frå sjefen då me prøvde å få vaktlistene i litt betre tid, som me visste me hadde rett på. Eg trur mange av dei som jobbar på desse sentra vil seie ja til lågare betaling om kvelden dersom sjefen spør, fordi dei opplever at dei ikkje har særleg med alternativ.

Regjeringa har i tre år lukka auga for ein viktig ting i det norske arbeidslivet. Arbeidsmiljølova er ei vernelov. Den skal beskytte arbeidstakarane i det ujamne maktforholdet mellom sjef og tilsett. Difor kan ein ikkje forme lova ut i frå kva som er praktisk for dei mest priviligerte arbeidstakarane. Ein må ta utgangspunkt i dei som har den tøffaste arbeidskvardagen og sjå kva konsekvensane av ei eventuell endring er for dei. Høgre og Frp har heller lytta til arbeidsgivarane, eller dei mest priviligerte arbeidstakarane. Resultatet får me no. Det kan gi eit dårlegare arbeidsliv for mange av oss.

 

bilete: Pressekonferanse: NAV i en ny tid – for arbeid og fleksibilitet av Arbeids- og sosialdepartementet (CC BY 2.0).

Om forfatteren

trine

trine

Eg er 29 år, bur på Haugerud og jobbar i SV. Distré og stort sett ganske blid. Liker å bruke tida mi på kaffi, bøker, skog og politikk.

Visit Website