Fitteforteljingar

7403620016_bcc4a75845_z (1)

Eit klassisk triks på langtur er å stussa rævskjegget. På denne måten sparer ein forbruket av dopapir og våtserviettar. Fint hygienetiltak når det er få moglegheiter til ein skikkeleg vask. Førre gongen gjekk eg dessverre litt for ivrig til verks med saksa (vel og merke ikkje høvelen) og enda opp med å stussa heile dusken uvanleg kort. Det viste seg å vera ein tabbe.

Etter å ha lese ei rekke artiklar om intimkirurgi, innser eg at eg kunne konkludert med at det gjer vondt å sitta på sykkelsetet fordi det er noko gale med fitta mi, og at løysinga på det er kirurgi.

Kjønnsleppene var no ikkje lengre dekka av langt og beskyttande hår, og dermed meir eksponert for diverse friksjon. Som ein konsekvens gjorde det plagsamt vondt å sykla. Det skal seiast at det elendige sykkelsetet lenge hadde vore ei plage for mine edlare delar, men no var det ikkje til å halda ut. Faktisk var det til og med ubehageleg å gå rundt i dongeribukse. For som mange andre vaksne kvinner heng dei indre kjønnsleppene lenger ned enn resten. Utan beskyttande hår, som heldigvis er endå lengre, så blir det fri eksponering og friksjon i kontakt med dongeribukser og sykkelseter. Au! for helvete.

Heldigvis ordna kroppen sjølv opp i tabben innan rimeleg tid; i motsetnad til avklipte kjønnsorgan veks hår ut igjen.

Etter å ha lese meg gjennom ein god del artiklar om underlivsestetikk og intimkirurgi den siste tida, innser eg at eg kunne trekt følgjande konklusjon etter fittefriseringa:

Det gjer vond å sykla og gå i trong dongeribukse fordi dei indre kjønnsleppene heng lengre ned enn dei ytre. (I tillegg er den eine lengre enn den andre). Det må vera noko gale med fitta mi (usymmetrisk og plagsam). Eg må til kirurg.

Den konklusjonen eg syns var mest nærliggande der og då var: Å vera overivrig med saksa var ein sykt dårleg ide. Det gjer eg ikkje igjen. Og så må eg for helvete sjå til å kjøpa meg eit nytt sykkelsete så fort som mogleg. Eit med hol framme, som gjev rom og luft til fitta, og polstring bak til ræva. Og heldigvis ordna kroppen sjølv opp i tabben innan rimeleg tid; i motsetnad til avklipte kjønnsorgan veks hår ut igjen.

Alle under 70 barberer musa. Og det brer om seg med fortvila kvinner ar alvorlege plager i kvardagen fordi dei har ein oppfatning av at fitta deira er stygg og/eller unormal.

Tilbake til artiklane, og samtalane, om fitteestitikk og intimkirurgi. Eg har med stor interesse notert meg tekstane til fleire dyktige gynekologar og skribentar som den siste tida har sett eit kritisk søkelys på auka i estetisk grunngjeven intimkriurgi. Til dømes Pernille Nylehn om Bollemusa, Flaggermusa og plastikkirurgien, Agnethe Lund om uetisk intimkirurgi og Tilde Broch Østerborg om Kjønnsorgansers ulikhet for loven.

Eg må seia at eg er nokså overraska og sjokkert over deira rapport frå røynda i gynekologifaget: 1. Alle under 70 barberer musa. 2. Det brer om seg med fortvila kvinner som oppsøkjer gynekolog og har alvorlege plager i kvardagen fordi dei har ein oppfatning av at fitta deira er stygg og/eller unormal. Kor i alle dagar får ein den ideen frå? Pornoen, delar av legestanden, tilbydarar av intimkirurgi, sexpartnarar, sosiale media, vennegjengen? Det skulle eg likt å vita.

Eg saknar forteljingar om fitter som fokuserer på funksjon, heller enn estetikk.

Dei dominerande forteljingane om fitta ser ut til å handla om to spørsmål: ”Er fitta fin/stygg?” og ”Er fitta normal/unormal?” Nylehn skriver instruktivt, opplysande og knallgodt om den enorm variasjon i kva som er normalt. Det eg saknar no er forteljingar om fitter som fokuserer på funksjon, heller enn estetikk.

Eg kjem på fleire vesentlege basisfunksjonar knytt til underlivet, som eg reknar med vil vera av ei viss interesse for mange:

  • Lyst, sex og orgasme
  • Vannlating og tarmtømming (som ein har nokolunde kontroll over)
  • Reproduktive funksjonar
  • Blødingar

Dei av oss som har erfart kortvarige, langvarige eller permanente plager knytt til desse funksjonane veit at du har all grunn til å vera gullande nøgd dersom alt dette fungerer sånn nokolunde. Spørsmålet om fitta er fin eller stygg, normal eller unormal i sitt utsjåande er rett og slett ei avsporing.

Vaginale infeksjoner er den vanligste årsaken til at kvinner går til legen, men det finnes ikke gode medisiner. De som vil)forske på feltet, får ikke finansiering.

Det ville vore forfriskande med fleire forteljingar om fitter som fokuserer på kvinners lyst, begjær og seksuelle praksis. Slik som til dømes Maren Irene Gåre Bakkevoll (19) i Aftenposten torsdag. Trass i at pornoen florerer på mange arenaer, seksualisering av offentlegheita og mange aktuelle diskusjonar om sex, grenser og valdtekt, så er det forbausande taust om kvinner som handlande seksuelle subjekt. Altså forteljingar der kvinnekroppen ikkje først og fremst er eit objekt for andre sitt blikk og lyst. Fleire forteljingar om seksuell praksis og variasjon (oralsex, vaginalsex, sex med hendene, sex med seg sjølv, sex med andre samtykkande vaksne av alle kjønn. Kva er din favoritt?).

Spørsmålet om fitta er fin eller stygg, normal eller unormal i sitt utsjåande er rett og slett ei avsporing.

På den andre sida etterlyser eg også fleire forteljingar om underlivsplager som er eigna til å redusera kvinners moglegheiter til god helse og fri livsutfolding. Det blir snakka alt for lite om uregelmessige blødningar, vestibulitt, infeksjonar, krampar i underlivet, urin- og tarmlekkasje på grunn av komplikasjonar under fødsel, smerter ved samleie, depresjon, blødingar og redusert sexlyst på grunn av hormonelle prevensjon, og så bortetter (dette kan eg ikkje særleg mykje om, så her oppfordrar eg gynekologane til å bidra).

Det finst andre måtar å vera i verda på enn å dyrka kroppen som objekt. Kan me, både individuelt og kollektivt, fokusera på det?

Kvinners underliv(plager) blir det dessutan forska alt for lite på. Derfor er kunnskapen om god behandling også alt for dårleg. Som KILDEN peiker på: ” Vaginale infeksjoner er den vanligste årsaken til at kvinner går til legen, men det finnes ikke gode medisiner. (…) (De som vil) forske på feltet, får ikke finansiering”. Dette – fittefrendar og sisters in arms – burde me snakka mykje meir om, og få gjort noko med litt brennkvikt!

Forslag til tiltak:

For å oppsummera har eg nokre forslag til tiltak. Først på individnivå:

  • For dei av oss som får vondt i fitta av å sykle. Kjøp eit nytt sykkelsete. (Eller skriv sinte brev til sykkelindustrien om at det er ein jævla kvinnefiendtleg praksis å produsera steinharde seter som ein ikkje kan sitta på utan at det gjer vondt).
  • For dei av oss som opplever ubehageleg friksjon i kjønslepper når ein sit eller går. Gro hår. Kjøp ei mindre trong bukse.
  • For dei av oss som syns synet av eigne kjønnsorgan er litt belastande. Gro hår. Eller sjå ofte nok i spegelen til ein venner seg til synet.
  • For dei av oss som opplever psykiske helseplager på grunn av kroppskompleks. Snakk med fastlegen og be om henvisning til psykolog/psykiater. Me fortener å ha eit godt liv, og har krav på hjelp mot lidingar.
  • For dei av oss som har utfordringar med sexlivet, Mest sannsynleg har ein meir nytte av å gå til ein klinisk sexolog enn å få ein intimkirurg til å gje deg arrvev i fitta for livet.

På gruppe- og samfunnsnivå:

  • Fortelja fleire forteljingar om fitter og funksjon. Ikkje fitter som objekt. Ikkje fitteestetikk.
  • Fleire forteljingar om kvinners lyst, begjær og aktive seksuelle handlingar.
  • Krevja meir pengar til forsking på underlivsplager og kvinnehelse.
  • Kopiera Kvinnenettverket Noor sitt konsept med Helseparties og invitera fagfolk for å undervisa om underliv, lyst, normalitet og underlivsplager.
  • Lov om kjønnslemlesting opnar opp for å straffeforfølgja ”den som utfører et inngrep i en kvinnes kjønnsorgan som skader kjønnsorganet eller påfører det varige forandringar”. Strafferamma er seks år. Dersom ein fekk bura inn eit titals tilbydarar av kosmetisk intimkirurgi, ville dette etter alt å døma setta ein bråstoppar for galskapen.

Trass i seksualiseringa av offentlegheita er det forbausande taust om kvinner som handlande seksuelle subjekt.

Eit kritisk søkelys på fittekirurgindustrien er openbart heilt naudsynt. Fleire kvasse og opplysande artiklar om saka er på sin plass. Samstundes skulle eg på ein måte ønska at me heller kunne snakka om noko anna. Ingen fleire forteljingar om kvinnekroppen som objekt. Ingen fleire artiklar om intimbarbering og estetikk. Kroppen, inkludert kjønnsorgana, er ikkje ting. Som Simone de Beauvoir skreiv: Kroppen er ein situasjon. Det er vår måte å vera i verda på. Det finst andre måtar å vera i verda på enn å dyrka kroppen som objekt. Kan me, både individuelt og kollektivt, fokusera på det?

Andre fitteforteljingar på Maddam:

Bilde: Fittstim, Rockspindeln, CC BY 2.0 

Om forfatteren

Helga Eggebø

Helga Eggebø

Eg er sosiolog, feminist og friluftsentusiast. Anten skriv eg så blekket sprutar om sånt som likestilling eller innvandringspolitikk. Elles finn du meg hoppande rundt i fjellet med eit lukkeleg glis. Eg bur og arbeider i Steigen i Nordland. Bloggar òg på www.helgaeggebo.no

Visit Website

  • Jo Øiongen

    Støttes helhjertet, må bare få innført forbud mot kjønnslemlesting av guttebarn først så skal en få tid til kampsakene over etterpå.