Den sårbare, men viktige retten til å amme der ein vil

Ein takk for at det er mogleg å amme ute blant folk i Noreg

Tidlegare i sommar såg me bilete av argentinske kvinner som amma i demonstrasjonstog, etter at ei mor blei bortvist frå ein park då ho amma barnet sitt. I USA er det ganske vanleg å motta negative kommentarar dersom ein ammar offentleg. I Danmark er det mange kafear med ammeforbod. Tenk på det, at noko så naturleg, og livsviktig, som å gi eit lite barn mat ikkje skal vere lov!

Då eg nettopp hadde blitt mamma og familien skulle ut på vår fyrste trilletur, kjente eg på at det å amme offentleg kunne vere litt meir stress enn eg var førebudd på. Me trilla til butikken ti minutt unna. Babyen vår sov fredeleg, men då mannen min byrja sjå på andre varer enn dei to varene me hadde planlagt å kjøpe, blei eg sint og stressa. Tenk om me brukte så lang tid at barnet vakna! Kva skulle me gjere då? Sjølv om eg alltid hadde tenkt at eg kom til å bli ein sånn som amma offentleg, blei eg sveitt av tanken.

Amming

På ein sportsbutikk i Sverige

Heldigvis tok det ikkje mange dagane før eg slo meg til ro med at eg ville meistre å amme offentleg heilt fint. Men det var ikkje berre-berre å kome dit. Eg måtte tenke nøye gjennom korleis eg skulle løyse situasjonen. Kor er det greitt å sitje? Korleis reagerer babyen, og kva tenkjer folk rundt? Kva bør eg ha på meg? Kva om det kjem nokon eg kjenner? Å trille tur var i starten ei gjennomgåande øving i å tenkje ut moglege amme-plassar undervegs. For sjølv om det teoretisk sett burde vere grei skuring, hadde eg ikkje lagt særleg merke til korleis andre kvinner handterte denne situasjonen før eg stod oppi den sjølv.

Amming 4

Langs E16

Men dagane gjekk, og babyen blei ikkje svalten på trilletur. Etter kvart blei eg vant til at han ikkje vakna før det hadde gått minst 2,5 time. Så då slutta eg å tenkje så mykje på at eg kanskje måtte amme. Optimistisk la eg ein dag ut på ein lengre tur i marka. Det var februar og fem minus, med snø på alle kantar. Ein time etter at eg hadde gått ut av huset, byrja poden å gråte. Og gråte. Og gråte. Eg byssa, trøsta og bar, men det var ikkje noko alternativ. Han var svalten. Eg såg desperat etter ein plass å sitje, men dette var midt i skogen midt på vinteren. Det var snødekte tre, buskar og steinar, ingen benk. Til slutt måtte eg ta grep. Eg børsta snø av ein stein ved sidan av gangvegen og sette meg der, med ein ekstra genser under meg. Poden fekk ei dyne over seg, og eg tok fram puppen. Og det gjekk bra! Babyen spiste og blei etter kvart nøgd. Mange folk gjekk forbi. Ganske mange stirra, men dei fleste smilte og kom med hyggelege kommentarar. Opplevinga blei eit vendepunkt for meg. Når fyrste offentlege amming blei såpass upraktisk, men likevel ordna seg og gjekk bra, følte eg at eg var klar for å amme kor som helst. Eg følte meg fri til å gå der eg ville, amminga ville ordne seg. Den fridomskjensla er ikkje sjølvsagt.

Amming 2

På ei kino-trapp i Wien

I Noreg er den offentlege ammekulturen ganske open, og besøker du eit kjøpesenter midt på dagen er det ganske stor sjanse for å gå forbi ei ammande kvinne. Eg har aldri fått ein negativ kommentar, og heldigvis står kjendisar som Fotballfrue fram og frontar offentleg amming. Men tendensen til å rynke på nasen er ikkje langt unna her heller. For ikkje lenge sidan blei ei kvinne vist ut frå ein restaurant på Aker Brygge og bedt om å gå på toalettet og amme i staden. I vår nekta ein restaurant i Sandvika ein kunde å amme. Eg har inntrykk av at etterspørselen etter amme-forkle, eller ammetelt, for å skjule brystene under amming, er aukande. På foreldre.no fortel dei om kvinner som gruar seg til å amme offentleg, og eit av Ammehjelpens råd er faktisk å be kvinner vise mindre pupp når dei ammar.

Eg er redd for at denne tildekkingskulturen skal vakse fram i Noreg. For er det ein ting som har kjenneteikna mitt barn, så er det at han kan bli svalten når eg minst ventar det. Hadde ikkje eg hatt fridom til å amme kor som helst, måtte me ha haldt oss heime døgnet rundt. Skal ammande kvinner ha fridom til å delta i samfunnet på line med andre, må det vere greitt for resten at dei av og til ser ein pupp eller to.

Ein gong eg satt og amma på ein benk, kom ei eldre dame bort.

”Tenk så flott det er at kvinner i dag kan amme utandørs. Då eg fekk barn, skulle me helst amme i det skjulte. Fantastisk at de slepp å tenkje på det”.

Eg blei glad for at ho såg det sånn, og eg er så einig.

Så, sidan det er den internasjonale ammeveka, og konservative krefter over heile verda står klare for å frata kvinner retten til å amme ope og fritt, har eg valt å illustrere dette innlegget med nokre bilete frå stadar der eg har endt opp med å amme det siste halvåret. Der det likevel har gått bra, og denne fridomen har gjort det mogleg for babyen og meg å dra på ferie, biltur, skogtur og kafe. Eg håpar det kan inspirere fleire til å føle seg trygge og komfortable med å amme i det opne. For i det store og det heile handlar det å vise puppen om å kunne vere fri.

På ein stubbe på skogstur

På ein stubbe på skogstur

 

 

Ps 1. Ein del føretrekk å gå på ammerom. Det er bra at desse finst, og eg har også satt pris på å gå dit i periodar med uro rundt matinga. Ein del babyar treng ro og fred for å klare å spise, og det er flott at det blir lagt til rette for det gjennom ammerom, problemet kjem dersom det blir forventa at all amming skal foregå der inne.

Ps 2. I samband med verdas nasjonale ammeveke har det også vore ein debatt om amming og likestilling. Anbefaler Helga Eggebøs Maddam-innlegg om dette i går og Joachim Lunds kommentar om dette i Aftenposten. 

Bilete: private

Om forfatteren

trine

trine

Eg er 29 år, bur på Haugerud og jobbar i SV. Distré og stort sett ganske blid. Liker å bruke tida mi på kaffi, bøker, skog og politikk.

Visit Website

Comments are closed.