Klamt og innestengt

5347580266_f1bd0f238d_z

 

 

Kanskje har internett noko av skulda for at me ikkje forstår kvarandre for tida.

I desse dagar er det mykje som skjer i verda som det er vanskeleg å forklare. For eksempel er det at Donald Trump kan bli presidentkandidat så rart at eg stadig ventar på at det går over. Men det går ikkje over. Siste måling frå FiveThirtyEight, som er gode på dette, viser eit temmeleg tett løp mellom Clinton og Trump.

Trump er kandidat på ein måte det aldri har vore akseptabelt å vere kandidat på før. Ekspertane har dømt hans nedgong gong etter gong, men dei har tatt feil. I denne valkampen har me sett ein ny dynamikk, der Trumps ekstreme utsagn har blitt bensin på bålet og gitt han fleire veljarar.

Frå min kvardag er hans suksess umogleg å forstå. Men eg sit i Noreg, i ein annan politisk og økonomisk situasjon enn dei amerikanske veljarane. Eg sit også foran ei anna datamaskin enn dei gjer. Kanskje kan einsretting på internett vere ein del av forklaringa på at Trump og andre høgrepopulistar gjer det så bra for tida, og at resten av oss ikkje forstår appellen.

Før fekk me nyhenda servert på meir eller mindre same plattform. I Noreg kom nyhenda gjennom Dagsrevyen, NRK radio, riksavis eller lokalavis. Me kunne vere usamde om mykje, men nyhenda diskusjonen baserte seg på var ofte felles. No er det annleis. Sosiale medier har forandra måten me tar inn verda på.

Gjennom Facebook og Twitter har me fått våre eigne internett-huler, der me får nyhende som er spesialtilpassa oss sjølv. Basert på kva me interesserer oss for, og kva saker me har klikka på tidlegare, får me verda servert i eit format me liker. Nyhenda kjem gjerne saman med kommentarar frå dei kommentatorane me vanlegvis les. Det blir fort klamt og innestengt.

Ingen har illustrert dette betre enn Washington Post. Nyleg gjorde dei eit eksperiment, Blue feed, Red feed for å sjå korleis sosiale media endrar medievanene våre. Dei oppretta to profilar på Facebook, ein liberal (altså venstrevridd veljar som røyster på det demokratiske partiet) og ein høgrevridd republikansk. Eg anbefaler å gå inn og sjå.

Dei to kontoane gir heilt motstridande verdsbilete. For eksempel vil den liberale Facebook-brukaren i kveld kunne lese om den fyrste opne homofile NBA-spelaren som seier at Clinton hjalp han med å kome ut av skapet og ei sak som viser at 90% av dei som støtta Sanders i april no stør Clinton. Den konservative Facebook-brukaren vil derimot møte nyhende om at visepresidenten til Clinton har blitt avslørt for å stø islamistisk terrorisme og ei sak om tre store løgner frå Michelle Obamas tale.

Lesarane møter to forskjellige verdsbilete på to vis. Det eine er at nyhenda som blir fortalt er forskjellige. Det andre er at tolkinga av desse også er forskjellig. Dersom begge les om Michelle Obamas tale frå i går er det i heilt ulike lys. Den liberale møter rosen Obama fekk i etterkant, mens den konservative får høyre kritikken.

Eksperimentet til Washington Post viser oss ei paradoksal utvikling. Mens medietilgangen vår totalt sett har blitt meir mangfaldig, blir våre personlege Facebook-sider meir og meir einsretta. Då er det kanskje ikkje så rart at verdssynet til dei som er usamde med oss blir stadig meir uforståeleg, Me har jo ikkje fått med oss dei same nyhenda, eller dei same tolkingane, som dei.

Før det grufulle åtaket 22. juli for fem år sidan, brukte gjerningsmannen fleire år på å utvikle sin høgreekstremisme. Han satt innelåst på rommet sitt og bygde opp eit verdssyn dei aller, aller fleste av oss ville vore usamde i. Men her fekk han mindre motstand, inne på forum og nettsider der han kunne diskutere med andre høgreekstreme åleine. Dei andre deltakarane delte, bekrefta og forsterka hans verdssyn. Det lukka internettmiljøet blei ei av årsakene til at gjerningsmannen gjorde det han gjorde på Utøya og i regjeringskvartalet.

Med vår nye nyheitsverd kan også meir moderate krefter bli lokka inn i populistane og ekstremistanes verdsbilete. Og når den felles forståinga for kva som er sant og usant vil blir mindre, kan det bli brennbart. Skal me førebygge at ekstremismen veks fram, må me lufte ut dei klamme, innestengte internettromma og finne felles møteplassar igjen. Elles kan debatten koke over.

 

Bilete 1: Computer Keyboard av Marcie Casas (CC BY 2.0).

Om forfatteren

trine

trine

Eg er 29 år, bur på Haugerud og jobbar i SV. Distré og stort sett ganske blid. Liker å bruke tida mi på kaffi, bøker, skog og politikk.

Visit Website

  • Johan Brockfield

    Interessant perspektiv dette med isolerte verdensbilder. Dette er jo hovedpoenget med teksten din, ønsket om en felles arena der meninger kan brytes. Men om du dessuten virkelig opplever at du ikke skjønner Trump, så kan jeg anbefale Boris Kagarlitsky i gårsdagens KK. Om du ikke får tak i avisen kommer det en superkort versjon her:

    Kagarlitsky analyserer den amerikanske presidentvalgkampen fra et klasseperspektiv. Han mener Clinton jobber for finanskapitalens interesser (ref. den famøse, hemmelige talen for Goldman Sachs osv.), og at venstreintellektuelle (nå også Sanders) ved å støtte henne dermed forråder arbeiderklassen og nedre middelklasse. Trump, derimot, henvender seg nettopp til disse velgergruppenes interesser.

    I en (vestlig) verden der venstresiden for tiden er langt mer opptatt av andre prosjekter enn de lavtlønnedes situasjoner gir denne analysen mening for meg.

    … så har jo Trump et fryktelig menneskesyn, og det er underlig å se at så mange amerikanere velger å se bort fra eller akseptere dette. Samtidig er Clinton en utenrikspolitisk hauk og måtte presses av Sanders for å love å gjøre noe for de fattigste i samfunnet. Glad jeg slipper å stemme i presidentvalget!

  • Trine

    Hei Johan

    Takk for innspel! Eg las ikkje klassekampen i går, så skal

  • Jo Øiongen

    Det er jo det som er resultatet over alt der nok mennesker ikke har noe å tape så får en desperate avgjørelser. En av de viktigste grunnene til å ha kort avstand mellom fattig og rik er jo å unngå store grupper sine desperate (revolusjonære) avgjørelser.

  • Jo Øiongen

    Når det gjelder ekkokammer så er fristelsen for stor til å la være å komme med et sleivspark: På seg selv kjenner en andre…

    Når det gjelder Facebook, så er det bare å melde seg ut og logge seg av. Det er ikke et sted en MÅ være, selv om alle rundt deg prøver å overbevise deg om det. Livet uten FB er veldig fint, i alle fall slik jeg erfarer det. Men husk å bruke forskjellige søkemotorer når du leter etter informasjon på nettet, for ellers så får du bare tilpassede søkeresultat også.