Første fangstkvinne på Svalbard

svalbard 4

Norsk polarhistorie er fortellingar om barske, heltemodige og eventyrlystne menn som overlever i den ugjestmilde arktiske villmarka. Det er fortellingar om mannen mot naturen, og som i mykje anna historiefortelling blir mennene løfta fram og hylla og kvinnene skildra som vedheng til mannen, eller gløymt. Historia om Wanny Wolstad – den første fangskvinna på Svalbard – skiljer seg ut.

Som ho Wanny Wolstad sa det då ho skaut sin første isbjørn: “Hurra førr mæ!

Tidleg på 30-talet arbeidde enka og tobarnsmora Wanny Wolstad som drosjesjåfør i Tromsø. Ho var den første kvinna i byen som eigde drosjeløyve, og slik forsørgde ho seg sjølv og ungane sine.

Blant dei som farta gjennom Tromsø i drosjebil, var fangsmennene som overvintra på Svalbard, og i boka “Første kvinne som fangstmann på Svalbard” skriv Wolstad om møtet med desse mennene:

”En kvinnelig sjåfør var et nytt innslag i trafikken, så jeg fikk det travelt. Så sant det var tid og anledning når jeg kjørte noen av disse brunbarkede karene, måtte jeg høre litt fra livet deres i villmarken. De beretninger jeg fikk, vakte ikke bare interesse hos meg, men en dyp og inderlig lengsel etter å få leve i og med naturen i dette landet de fortalte om”.

Wanny hadde både lønn og formue. Det var eventyrlysta og ikkje armodet som dreiv ho.

Ein av desse mennene – Anders Sæterdal – må ha vekt ei særleg interesse, for då han inviterte Wanny med på fangst var ho ikkje sein om å slå til. I fem vintrar på rad, frå 1932 til 1937, overvintra ho i Hyttevika ved Hornsund og dreiv med jakt og fangst.

svalbard 2

Wanny og Anders jakta først og fremst på isbjørn og polarrev, men også på ryper, gjess, sel og kobbe. Det er mykje arbeid å driva fangst. Ein skal skaffa drivtømmer nok til heile vinteren, ha utstyret i orden, trena hundar og drifta både hovudstasjon og bistasjonane. Som for alle som bur og ferdest på Svalbard, er isbjørn ein konstant fare. Ein vinter skal Anders ha blitt nesten drepen av ei binne med ungar. Med siste skotet i børsa fekk han skote ho på berre nokre meters avstand.

Eg har lese mykje av og om Helge Ingstad og Fritjof Nasen og dei andre mennene før eg nokon sinne fekk høyra om våre polarheltinner.

Wanny skaut sjølv fleire bjørnar . I følgje Sigrid Sandberg Meløy si forteljing, skal ho ha servert denne replikken då ho skaut sin første: ”Hurra førr mæ!”

svalbard 5

For mange av oss kan det virka uforståeleg at folk frivillig vil oppsøkja det ugjestmilde arktiske landskapet, i staden for å ha det trygt, varmt og behageleg sørpå. Men for Wanny som for så mange andre, har det golde, ville og vakre Arktis ei eiga tiltrekkingskraft som gjer at ein gjerne fryser og sliter for å få lov til å vera der. Wanny hadde både lønn og formue. Det var eventyrlysta og ikkje armodet som dreiv ho.

Kari Bremnes har skildra livet og lengten til Wanny i songen “Ytterste pol”:

Æ kan ikkje forklare min lengsel
æ veit bare at den va sann
Æ hadde det kartet som lyste
og viste en vei og et land
Æ følgte mitt nordvendte hjerte
og nådde den ytterste pol
Æ kom tel det djupaste mørket
Æ kom tel ei flammandes sol

Svalbard 3

Historia til Wanny har fascinert mange, også i samtida. Ho var ein etterspurd føredragshaldar og kåsør, og boka hennar vart oversett til fleire språk. I nyare tid har Sigrid Sandberg Meløy har via eit kapittel til Wanny Wolstad i boka ”Polarheltinner” og polarmuseet har løfta ho fram i sine ustillingar.

De beretninger jeg fikk, vakte ikke bare interesse hos meg, men en dyp og inderlig lengsel etter å få leve i og med naturen i dette landet de fortalte om

Historia om Wanny Wolstad er ikkje gløymt, og ho er heller ikkje redusert til eit vedheng til Anders Sæterdal. Men likevel. Som dei fleste andre som er interesserte i arktis, har eg lese mykje av og om Helge Ingstad og Fritjof Nasen og dei andre mennene før eg nokon sinne fekk høyra om våre polarheltinner.

Kjelder:

Illustrasjonsbilder: Helga Eggebø

Om forfatteren

Helga Eggebø

Helga Eggebø

Eg er sosiolog, feminist og friluftsentusiast. Anten skriv eg så blekket sprutar om sånt som likestilling eller innvandringspolitikk. Elles finn du meg hoppande rundt i fjellet med eit lukkeleg glis. Eg bur og arbeider i Steigen i Nordland. Bloggar òg på www.helgaeggebo.no

Visit Website