La sexkjøpslova leve

borsen

Me kan ikkje fjerne sexkjøpslova. Men me må gjere kvardagen betre for dei som er prostituerte.

Nyleg gjorde Amnesty det kjent at dei er mot den norske sexkjøpslova. Organisasjonen begrunnar dette standpunktet ved å løfte viktige problemstillingar, som for eksempel at prostituerte som blir utsett for vald ikkje tør å varsle politiet. Men konklusjonen dei har landa på, å fjerne lova, er problematisk. Det vil gi meir prostitusjon og menneskehandel.

Omfanget av prostitusjon ser ut til å ha gått betydeleg ned etter at sexkjøpslova kom, i følgje regjeringas evaluering av lova. Samtidig er det norske prostitusjonsmiljøet framleis utrygt og farleg for dei som er igjen. Det er ingen tvil om at dette er alvorleg for dei det gjeld. Det har i fleire år kome rapportar om prostituerte som ikkje tør å varsle politiet om vald eller truslar, av frykt for trakassering eller å bli kasta ut av landet. Prostituerte har opplevd å bli kasta ut av leiligheitane sine dersom aktiviteten blir kjent, samtidig som det er mangel på alternative, trygge bustadar dersom ein ynskjer å forlate prostitusjonen. Det er generelt ein skrikande mangel på tilbod til dei som vil ut av prostitusjon, noko mellom anna Krisesentersekretariatet har sett fokus på ei stund. Det er ikkje greitt at det er sånn, og dette må me gjere noko med.

Løysinga kan likevel ikkje vere å fjerne sexkjøpslova, som Amnesty føreslår. Kvinnegruppa i Amnesty har også meldt seg kollektivt ut av organisasjonen i protest mot vedtaket. Dette er fyrst og framst feil fordi ei lovendring vil gi mange fleire prostituerte. Eit blikk på landa som har liberalisert prostitusjonen, viser at dette ikkje ser ut til å ha gått særleg bra. I Tyskland og Nederland har dei fått ein massiv vekst i prostitusjonen og store problem med menneskehandel.

For det andre fordi lova er viktig i arbeidet mot menneskehandel. Statsadvokat Rudolf Christoffersen er den advokaten som har ført flest saker om menneskehandel i Noreg. Han meiner at sexkjøpslova er eit nyttig verkty. Oslo-politiet har også gått ut mot å fjerne lova. Dei har ei eiga gruppe som jobbar mot menneskehandel, og dei viser til sexkjøpslova som viktig. Dei meiner til dømes at dei ikkje ville ha kunne avslørt ei av dei største sakene om menneskehandel dei siste åra, dersom det ikkje var for sexkjøpslova.

For det tredje er dette også eit moralsk spørsmål. Lovverket vårt formar også haldningane våre. Fjernar ein lova som forbyr kjøp av sex, vil det indirekte vere å seie at det er greitt å kjøpe tilgang til ein annan persons kropp. Det er problematisk. Og som Madeleine Schultz skreiv for nokre dagar sidan i sitt svar til Amnesty i Dagbladet:

I mine øyne utgjør prostitusjon selve kroppsliggjøringen av de globale ulikhetene i verden. Hvit kjøper svart, mann kjøper kvinne (eller minoritet), rik kjøper fattig osv. osv.

Men debatten burde ikkje ende her, med at dagens lovverk er godt nok. Me må gjere noko med problema som dei prostituerte opplever. Her er nokre forslag til tiltak som det er mogleg å gjennomføre, samtidig som sexkjøpslova får bestå:

  • Gjer støttetilboda til prostituerte varige. Desse har vore prosjektbaserte i mange år. Kortsiktig år-til-år-drift hindrar langsiktig, strategisk arbeid.
  • Krevje at Anders Anundsen endeleg leverer handlingsplanen mot menneskehandel, ein plan som gjekk ut på dato i 2014, men ikkje har blitt fornya sidan. Anundsen har sagt i Stortinget at denne er ”rett rundt hjørnet” sidan 2014, men har enno ikkje levert.
  • Presse på for at politidistrikta lærer av Hordaland, som jobbar systematisk og godt med menneskehandel.
  • Diskutere korleis ein kan bygge tillit mellom prostituerte og politi, sånn at vald og truslar mot prostituerte blir tatt på alvor.
  • Og ein kan styrke exit-tiltaka for prostituerte, med hjelp til kvalifisering, bustad, jobb og helsehjelp.

Det finst sikkert ei lang rekke andre tiltak som kunne ha vore på denne lista. Desse må opp i lyset og inn i debatten. Eg håpar Amnesty og mange fleire vil vere med på det.

 

 

Bilete: DSC_0115 av Pål Nordseth (CC BY 2.0)

Om forfatteren

trine

trine

Eg er 29 år, bur på Haugerud og jobbar i SV. Distré og stort sett ganske blid. Liker å bruke tida mi på kaffi, bøker, skog og politikk.

Visit Website