8 gode grunnar til å feire 1. mai

 

1.mai er solidaritetens dag, og arbeidaranes dag. Ikkje alle føler seg som arbeidarar no for tida, sjølv om dei har ein jobb og får lønn for denne. Men sjølv om ordet arbeidar kan følast utdatert, er ikkje grunnane til å markere dagen særleg gamaldagse. Og trass i at 1. mai er ein dag for alle kjønn, har kvinner særleg gode grunnar til å henge seg på i toget og krevje betre arbeidsvilkår, også i 2016.

Her er 8 gode grunnar til å feire 1. mai i år:

16713549303_5708870dd5_z-kopi

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1)Internasjonal solidaritet. Syria står i brann, og millionar av menneske er på flukt.  Med ei regjering som vekkar merksemd internasjonalt med sitt kyniske syn på menneske i nød, er det behov for å vise verda at me er mange som vil noko anna enn Listhaug og Frp.

2) Fleire jobbar. Arbeidsløysa stig. Stadig fleire lurer på kor lenge dei kan behalde jobben. På Vestlandet må folk selje hus og heim for å betale låna sine etter at jobben forsvann. Regjeringa har vore alt for passiv. Den borgarlege ”supergruppa” som blei sett ned for to månader sidan for å redusere arbeidsløysa og skape nye jobbar, har ikkje ein gong hatt sitt fyrste møte enno.

3) Gi flyktningar rett til å jobbe. Tusenvis av flyktningar sit no i norske mottak og ventar på svar på korleis livet deira skal bli framover. Mange lengtar etter å starte på ny, men får ikkje lov. Dei møter for dårleg norskopplæring og får ikkje lov til å jobbe før dei har fått opphald i landet. Det kan ta laaang tid og er ei oppskrift på passivisering og ekskludering.

4) Likelønn. Kvinner tener i snitt mykje mindre enn menn her i landet. Ei viktig årsak er at dei kvinnedominerte yrka, som for eksempel i helse- og omsorgssektoren, ligg på eit lågare lønnsnivå enn mange mannsdominerte yrke med tilsvarande utdaningslengde. Me treng eit lønnsløft i kvinneyrka!

5) Retten til å bli gravid, utan å bli straffa på jobben. Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) fortel at den saka dei blir kontakta om oftast, handlar om gravide som blir diskriminerte i arbeidslivet. 55% av kvinnelege arbeidstakarar og 22% av mannlege arbeidstakarar har opplevd ein eller annan form for diskriminering knytta til graviditet eller foreldrepermisjon. Nokre er på jobbintervju og får ikkje jobben på grunn av at dei har ein kul på magen. Andre får ikkje forlenga eit vikariat. Andre blir forbigått når dei kjem attende frå permisjon.

6) Trygge pensjonar Over heile landet opplever folk at jobben deira blir privatisert. Arbeidsgivarane sparer pengar på å kutte i lønna og pensjonane til dei tilsette. Pengar som skulle gått til velferd og til å gi skikkeleg lønn og pensjon for dei som jobbar i velferdsstaten, blir til profitt for kommersielle eigarar i staden. Nyleg mista for eksempel 80 trufaste reinhaldarar store summar i pensjon då Forsvarsbygg privatiserte reinhaldet. Vera på 58 år mista heile 1,3 millionar av pensjonen sin, utan at Forsvarsministeren var viljug til å gjere noko med det. Då statsråden fekk spørsmål om privatiseringa i Stortinget, svarte ho: ”Dette vil bidra til at vi kan frigjøre midler til å styrke den operative evnen, gjennom flere timer seiling, flyvning, øving og trening.” I staden for å hente pengar andre stadar, for eksempel litt mindre skattelette til dei som har mykje frå før, er det altså reinhaldaranes pensjonar som skal finansiere forsvaret vårt framover. (Dette er det mogleg å gjere noko med; I Oslo er sosialbyråd Inga Marte Thorkildsen i full sving med å rydde opp etter all privatiseringa som har skjedd i kommunen under det blå styret.)

7) Rett til heiltid. Alt for mange kvinner jobbar på ein arbeidsplass der normen er å tilby ein jobb i mindre stillingar, for eksempel 33,5%, som du så må kombinere med ein jobb i for eksempel 40% og ein annan i 12%. Fleire arbeidsplassar treng ein heiltidskultur der 100% stilling er normen (som i Gamvik kommune), og på mange kvinnearbeidsplassar må bemanninga opp, sånn at det er fysisk mogleg å stå i 100% stilling til ein blir pensjonist. Får me reell rett til heiltid i arbeidslivet, vil det gjere mykje med likestillinga i landet, ved at fleire kvinner får høgare lønn og betre pensjon.

8) Rett til faste stillingar, ikkje vikariat etter vikariat. I fjor endra regjeringa arbeidsmiljølova på ein måte som gjorde det vanskelegare å få fast jobb. Kvinner er overrepresentert i midlertidige stillingar. Å jobbe for å reversere endringane i arbeidsmiljølova er kvinnekamp, samtidig som det er å jobbe for trygge arbeidsplasser for alle.

 Til lukke med dagen! 

Bilete:  1 Mai tog av Robert Magnussen (CC BY-NC-ND 2.0).

 

Om forfatteren

trine

trine

Eg er 29 år, bur på Haugerud og jobbar i SV. Distré og stort sett ganske blid. Liker å bruke tida mi på kaffi, bøker, skog og politikk.

Visit Website