Strengast i Skandinavia?

Passkontroll 3 mindre

Danmark har lenge vore berømt og berykta for den strenge familieinnvandringspolitikken. 24-års aldersgrense, tilknytingskrav og så bortetter har gjort mange unge par til kjærleiksflyktningar. No har svenskane bestemt seg for å strama inn og regjeringa Solberg sett seg som mål å bli strengast i Europa. Slik blir regelverket i Noreg, Sverige og Danmark.

24-års aldersgrense og tilknytingskrav har gjort mange unge danskar til kjærleiksflyktningar.

Asylkrisa er grunnen til at alle dei skandinaviske landa no vil skjerpa vilkåra for familieinnvandring. La meg derfor understreka at familieinnvandring ikkje berre er relevant for asylsøkjarar og flyktningar. Regelverket er relevant for alle dei av oss er eller skulle koma til å bli i lag med eit menneske som tilfeldigvis ikkje kjem frå Europa (EØS-landa). Dersom ein ønskjer å bu i lag i Noreg, Sverige eller Danmark vil ein møta det som kan stå fram som eit villnis av vilkår og søknadsprosedyrar.

Menneskerettane er ein siste skanse mot kynisk innvandringspolitikk – no står denne skansen for fall.

Danmark

Danmark har som sagt vore berømt og berykta for strenge vilkår for familieinnvandring. Det er særleg aldersgrensa på 24 år som har fått mykje internasjonal merksemd. Eit anna kontroversielt vilkår er det såkalla tilknytingskravet, som seier at ein ikkje får familieinnvandring dersom paret samla sett har større tilknyting til eit anna land. Men Danmark har derimot ikkje eit inntektskrav, slik som i Norge. Her er dei danske vilkåra:

  • 24-års aldersgrense for ekteskapsinnvandring
  • Bankgaranti på rett over 50.000 danske kroner
  • Må ikkje ha motteke visse typar stønad tre siste år
  • Større samla tilknyting til Danmark enn anna land (tilknytingskrav)
  • Bestått prøve i dansk som andre språk
  • 3 års ventetid før familiegjenforeining for asylsøkjarar som får mellombels opphaldsløyve
  • 6 års ventetid før familieinnvandrarar kan få sjølvstendig opphald

Det er ingen tvil om at inntektskravet vil ramma fleire kvinner og deira familie i større grad enn menn.

Noreg

Noreg har lenge operert med strenge vilkår for familieinnvandring. Det vilkåret som fører til klart flest avslag er inntektskravet, som per dags dato er på 252.472 norske kroner. Regjeringa føreslår å heva det endå meir, til 302.500 kroner. Det er ingen tvil om at dette kravet vil ramma fleire kvinner og deira familie i større grad enn menn. Medianinntekta for kvinner i Noreg er nemleg berre eit 338.900 kroner, altså berre eit par titals tusen meir enn inntektskravet.

Ein skal ikkje måtta velja mellom å bli forfølgd eller skild frå ektefelle og barn.

Det mest oppsiktsvekkande forslaget er likevel at Solberg-regjeringa går inn for at inntektskravet også skal gjelda flyktningar. I Noreg – så vel som i alle andre europeiske land – har ein fram til no lete flyktningar få unntak frå inntektskravet og dei fleste andre vilkåra for familieinnvandring. Grunnen er enkel. Ein skal ikkje måtta velja mellom å bli forfølgd eller skild frå ektefelle og barn. Dersom flyktningar skal måtta oppfylla eit slikt inntektskrav, er det full stopp for familiegjenforeining. Tal frå SSB viser at flyktningar har ei medianinntekt på 210.000 etter fire år i Noreg. Sjølv etter 10 år er medianinntekta i underkant av 240.000. Dette blir dei nye reglane, dersom regjeringas forslag går gjennom:

  • Inntekt på minimum 302.500 i søknadsåret og året før for alle grupper, også flyktningar
  • Ingen sosialhjelp siste år
  • 24-års aldersgrense for ekteskapsinnvandring
  • 3 års arbeid eller utdanning for familiegjenforening med flyktningar
  • 4 års arbeid eller utdanning for familieetablering med flyktning
  • Tilknytingskrav
  • 5 års ventetid før familieinnvandrarar kan få sjølvstendig opphald

Sverige

Sverige har lenge hatt eit meir liberal familieinnvandringspolitikk enn dei fleste andre land i Europa. I prinsippet har dei også heile tida stilt krav om at folk kan forsørgja seg gjennom eiga inntekt. Men i praksis har det vore unntak for dei fleste. No vil den svenske regjeringa at forsørgjarkravet skal bli ein realitet. Dette blir dei nye reglane i ein ny mellombels utlendingslov som skal vara i tre år:

  • 21 års aldersgrense for ekteskapsinnvandring
  • Dei som får såkalla ”subsidiær beskyttelse” har ikkje rett på familieinnvandring i det heile
  • Krav om økonomisk sjølvberging, men ikkje spesifisert beløp og ikkje for flyktningar som søkjer innan 3 månader
  • 2 års ventetid før familieinnvandrarar kan få sjølvstendig opphald

Danmark har vore kritisert for ein familieinnvandringspolitikk med ei etnisk slagside – ein favoriserer kvite danskar.

Kven er strengast i Skandinavia?

I innvandringspolitikken har det lenge vore store skilnader mellom dei skandinaviske landa. Sverige og Danmark er på kvar sin ytterkant i Europa, og Noreg ein stad i midten. Danmark har vore kritisert for ein familieinnvandringspolitikk med ei etnisk slagside – ein favoriserer kvite danskar. I Noreg er det pengar som tel. Inntektskravet rammar dei som tener for lite, uavhengig om dei er etnisk norske og norske statsborgarar eller ikkje. Sjølv no når den liberale svenske politikken står for fall, har ikkje svenskane kopiert norsk og dansk politikk.

Justisdepartementet meiner at dei kan gjera nøyaktig som dei vil, utan at menneskerettane skulle vera noko hinder.

Skanse står for fall

Den mest oppsiktsvekkande innstramminga er det Noreg som står for: Ved hjelp av inntektskrav og 3-årskrav, vil Solberg-regjeringa stoppa familiegjenforeining for flyktningar. Fram til no har norske så vel som europeiske, politikarar og juristar vore samde om at inntektskrav for flyktningar vil vera eit brot med menneskerettane. No har justisdepartementet snudd og meiner at dei kan gjera nøyaktig som dei vil, utan at menneskerettane skulle vera noko hinder. Menneskerettane er ein siste skanse mot kynisk innvandringspolitikk – no står denne skansen for fall.

Illustrasjonsbilde: Passkontroll av Sparebank1 (CC BY-NC-SA 2.0)

Forfattaren har skrive doktorgrad om regulering av familieinnvandring til Noreg.

Om forfatteren

Helga Eggebø

Helga Eggebø

Eg er sosiolog, feminist og friluftsentusiast. Anten skriv eg så blekket sprutar om sånt som likestilling eller innvandringspolitikk. Elles finn du meg hoppande rundt i fjellet med eit lukkeleg glis. Eg bur og arbeider i Steigen i Nordland. Bloggar òg på www.helgaeggebo.no

Visit Website