Bilar, barn og bransjefolk

Raud bil 2

Kva er det eigentleg med bilar som gjer at både barn og bransjefolk veit at kvinner alltid køyrer kjerra og dessutan ikkje veit att og fram på far sin bil? For halvanna år sidan kjøpte eg meg bil. Som ein kan venta av ein bil, har det sjølvsagt skjedd meir enn ein gong at saker og ting ikkje fungerer. Rett før eg skulle på bilferie i sommar til dømes, streika alle varsellamper i heile bilen. Potensielt på randen av totalt motorhavari, meinte verkstaden.

Skodamannen snur seg kjærasten min og flirer: ”Prater ho alltid så mykje?”

Eg tok bilen med på merkevareverkstad i byen for å få saka ordna. Med meg inn hadde eg kjærasten, ettersom det var me to som skulle på denne bilferien. La oss i denne samanhengen berre kalla han Mr. M. Kjærasten altså. Ikkje bilen.

Mr M og eg sette oss ned på kvar vår stol i lag med kundehandsamaren. Eg forklarte kva som var i vegen, kva tid problema hadde oppstått og kva feilsøking som var gjort så langt. Då eg var ferdig med det snur Skodamannen seg mot Mr M og flirer: ”Prater ho alltid så mykje?”

Og kva er vel meir naturleg enn å rapportera til kundens betre halvdel?

Etter ei tid måtte eg på ny levera inn bilen til feilsøking og reparasjon. Eg henta bilen på kveldstid, og venta på rapport frå verkstaden. Eg trengte heldigvis ikkje venta lenge; då eg kom heim til middag kunne Mr M fortella meg alt om problemet. Han hadde nemleg treft på mekanikaren på kaia. Og kva er vel meir naturleg enn å rapportera til kundens betre halvdel?

Det vart endå ein telefonrunde til verkstaden. Eg ville gjerne ha kopla på igjen ei mellombels fråkopla ledning før eg køyrde kjerra til merkeverkstaden. Kva føreslår den lokale bilekspertisen?

-Kan ikkje Mr M. koma innom med bilen, så kan eg visa han korleis han koplar til ledninga, og så ordnar han det for deg før du køyrer?
-Ok, då kjem EG innom før eg reiser, og så viser du MEG det med ledninga, konkluderte eg og la på.

Kva er det som gjer at sjølv barn har fått med seg at det alltid er kona som køyrer kjerra, medan mannen i forholdet suser rundt i det nye gliset?

Dette er sjølvsagt same verksemda som har eit rosa skilt i butikken med teksten ”dameavdeling”. I dei hyllene står det syltetøyglas og lysestakar. I resten av butikken er det utstyr til motor, fiske og båt.

Men over til bil igjen. For ei tid tilbake kunne Mr M fortella at ein av elevane hans hadde kome bort og spurd:

-Kvifor køyrer du Helga sin bil?
-Eg køyrer ikkje Helga sin bil. Eg køyrer min eigen, svarer Mr M.
-Hæ?! Eg trudde du hadde den fine bilen! utbryt barnet.

Kva er det med bil, eigentleg? Kva er det som gjer at sjølv barn har fått med seg at det alltid er kona som køyrer kjerra, medan mannen i forholdet suser rundt i det nye gliset? Det kan ikkje vera mange unntak frå den norma når ein har plukka det opp frå barnsbein av, sjølvsagt utan at det nokon sinne er blitt sagt rett ut at det er sånn det skal vera.

Kva gjer eg neste gong? Kva med å berre setta fyr på heile jævla bilsjappa?

Og kva er det med ein bransje der det er comme il faut å latterleggjera kunden etter beste evne? Eg hadde trudd at marknadslogikken – i alle fall til ein viss grad – trumfa kjønnsrollar frå 50-talet. Men neida, ikkje i bilbransjen. Kva betyr det vel å mista ein kunde her og der så lenge ein får markert at kvinner skal pryda panseret, og ikkje bry det vakre hovudet sitt med kva som er under det. 1-0 til 50-talet.

Eg er heilt akutt lei av å la ting fara. Ikkje irritera meg. Ikkje bry meg. Oversjå forsøk på usynleggjering og latterleggjering. Av å berre roleg ta kontrollen på situasjonen og markera at dei ikkje vipper meg av pinnen. Akutt lei av å bli sett på som ei qvinde i nød.

Loi skreiv på Maddam for ikkje lenge sidan at: ”Det er ikke alltid like lett å ’ikke tenke på det’, selv om jeg gjerne vil tolke andres handlinger i beste mening”. Eg veit søren ikkje om eg gidder å tolka bilbransjefolka i beste meining særleg mykje lenger.

Kva gjer eg neste gong? 1) Sukker i bensintanken, 2) spikermatte i innkjørselen, 3) banan i eksosrøret? Eller 4) berre setta fyr på heile jævla bilsjappa? Gje di stemme no!

Illustrasjonsbilde: Pinup Model: Erika – The Texas Timebomb av Christopher Allison Photography, CC BY-NC-ND 2.0

Om forfatteren

Helga Eggebø

Helga Eggebø

Eg er sosiolog, feminist og friluftsentusiast. Anten skriv eg så blekket sprutar om sånt som likestilling eller innvandringspolitikk. Elles finn du meg hoppande rundt i fjellet med eit lukkeleg glis. Eg bur og arbeider i Steigen i Nordland. Bloggar òg på www.helgaeggebo.no

Visit Website

  • Linda Johnsen

    Eller rett og slett droppe å bruke verkstedet igjen, gjerne med beskjed om at de har gitt elendig kundebehandling? Jeg ville kanskje gjort det allerede fra den første kommentaren som er beskrevet, tatt med bilen en annen plass med beskjed om at sånt er uakseptabelt. Det er jo ikke rart at de aldri endrer seg når kundene får så mye dritt og bare fortsetter å komme igjen? Ellers er jo sukker i tanken en vinner spør du meg