LADYFEST OSLO 2016 – For feministar av alle kjønn, i solidaritet med kvinner på flukt

Vi nærmar oss slutten av februar. Det tydar sjølvsagt at marsmånad står for dør. Og kvinnedagen. Ein av mine favorittdagar i heile året. Ein internasjonal dag for å anerkjenne og verdsette kvinna. Å feire sigrane i likestillingskampen. Og samstundes mane til fortsatt kamp mot dei kjønnsbaserte forskjellane som framleis finns. For sjølv om vi i dag kan gå på kino og sjå filmen «Suffragette» og tenkje attende på kvinnene som kjempa for likestillinga før oss, så har vi framleis ein lang veg å gå.

Ladyfest er ei verdsomspennande rørsle som set fokus på ulikskapar i kulturlivet, og løftar fram kvinnelege kunstnarar og artistar. I Oslo har vi arrangert festival i over 10 år, og fortsett sjølvsagt trenden i år. Fordi kvinner framleis er marginalisert. Både i kulturverda og samfunnet elles. Vi gir kvinner ei scene å stå på, og skapar eit forum for å løfte kvinnelege stemmer. I år har vi også eit spesielt fokus på flyktningkrisa. Fordi det ofte er nettopp kvinner som vert ramma hardast i krigs- og krisetid. Og fordi flyktningestraumen er noko vi ikkje kan, ikkje har lov til å oversjå.

Skjermbilde 2016-02-23 kl. 22.10.37

Søndag 6.mars har vi foredragsprogram på Deichmanske bibliotek på Schous Plass. Her får vi besøk av FOKUS som skal gi eit internasjonalt blikk på problematikk rundt kvinner på flukt. I tillegg vil MiRA-seneret snakke om kvinner og integrering, og til sist vil Maria Amelie gi eit innblikk i sitt personlege perspektiv på det å vere ung kvinne og på flukt. Det er gratis inngang og det vert stands, snacks og tid til mingling.

Måndag 7.mars samarbeider Ladyfest med Røde Kors og Kvinnefronten om ein temakveld på Kulturhuset om seksuell vald i militære konfliktar.

Og tysdag 8.mars er det duka for den store 8.mars-festen. Den finn i år stad på Parkteatret, og startar etter at 8.mars-toget er ferdig. Fyrst serverer vi den o-så-tradisjonelle 8.mars-suppa (it’s vegan), og deretter brakar det laus med appellar og konsert. På scena står Kildaphew og Adée (S), og eg er ganske sikker på at eg kan love skikkeleg goodtimes og perfekt stemning for å feire kvinnedagskvelden. Til slutt avsluttar DJs frå Koso med digg musikk fram mot midnatt. Til ein billig penge kan du få med deg dine nye favorittartistar, samstundes som du slår eit slag for likestilling og viser solidaritet med kvinner på flukt.

I tillegg til det offisielle programmet samarbeider Ladyfest i år med koret Vox Humana og Kristine Rui Slettebakke om å gi eit kulturelt tilbod til kvinner og barn som sit på asylmottak.

Eg vonar mange vil støtte opp om årets festival, og vise at vi er mange som framleis kjempar likestillina sin kamp. Og at vi er mange som tar flyktningekrisa på alvor!

For meir info, sjekk ut facebook-eventet eller ladyfestoslo.com

Dagens gjesteblogger Mailiss Solheim er bergenser i Oslo, feminist, miljøvernar og veganar. Hun har snart en mastergrad i teologi, trener kampsport og er koordinator for Ladyfest Oslo

Om forfatteren

Gjesteblogger

Gjesteblogger

Hvis du vil være gjesteblogger for Maddam, send en mail til hei@maddam.no. Få med hva du vil skrive om og tre linjer om deg selv.

Visit Website

Comments are closed.