Likestilling? Ikkje prioritert

Stortinget8

Etter to år med ei regjering som har sett likestillinga i Noreg i revers, kom det i går nok eit budsjett som ikkje prioriterer likestilling.

Barne- og likestillingsdepartementet og Solveig Horne skisserer 7 hovudsatsingar i budsjettet sitt. Likestilling er ikke ei av desse.

Her er ei kjapp oppsummering av det som blei lagt fram i gårsdagens budsjett, lest med likestillingsbrillene på:

  • 400 millionar til eit meir fleksibelt barnehageopptak, for å redusere ventetida på barnehageplass for dei med barn født etter 1. september
  • Regjeringa sett berre av 10 millionar til stortingsmeldinga om likestilling, som blir lagt fram klokka 12 på fredag.
  • Kvinneorganisasjonane og lhbt-organisasjonane får om lag som før
  • Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) får eit kutt på 1 million, frå 54 til 53 millionar
  • Likestillings- og diskrimineringsnemnda får 1 million meir
  • Eingongsstønaden ved fødsel blir justert opp i tråd med prisvekst, til 45 295 kroner
  • 2 millionar til prosjektet “Jenter og teknologi”, i regi av NHO
  • 200 000 til skyggerapportering for FNs kvinnediskrimineringskomite
  • Kutt på 10 millionar til Kontoret for voldsoffererstatning

Oppsummert: Ingen store satsingar. Inga satsing på rett til heiltid, likelønn, fedrekvote eller mot diskriminering i arbeidslivet. Regjeringa ser framleis ut til å tru at likestilling er noko som kjem av seg sjølv.

Har du sett noko som bør med på lista, eller har du lyst til å skrive eit innlegg om statsbudsjettet? Kontakt oss på hei@maddam.no!

Ørstavik 4

Bilete 1: Stortinget av Aktiv i Oslo (CC BY-NC-ND 2.0).

Bilete 2: Skjermdump

 

Om forfatteren

trine

trine

Eg er 29 år, bur på Haugerud og jobbar i SV. Distré og stort sett ganske blid. Liker å bruke tida mi på kaffi, bøker, skog og politikk.

Visit Website

Comments are closed.