Sneglefart

Maddam stør kampanjen om #kvinnerinn i kommunestyra. Her forklarer Trine kvifor ho meiner du bør krysse kvinner inn ved valet 14. september:

kvinner inn

Før sommaren fekk me vite litt meir om kven dei er, dei som stiller til val i kommunestyra våre til hausten. I år er 42% av kandidatane kvinner, ein oppgang på eit prosentpoeng sidan sist. Fleirtalet av kandidatane i alle parti, minus SV, er menn. Menn har hatt fleirtalet i tiår etter tiår. Framleis er 8 av 10 norske ordførarar menn.

Me ser altså ikkje ut til å ha blitt så veldig mykje meir mangfaldige i lokalpolitikken sidan førre val i 2011. Fortsett utviklinga for kvinner i same tempo (eit prosentpoeng kvart fjerde år), vil kvinner og menn vere likt representert i 2047. Det går i sneglefart.

Kvifor går det så sakte? Det handlar mellom anna om at kvinner ikkje slepp like lett til i nominasjonsprosessane som menn. Partia vel ofte ein mann i staden for ei kvinne, særleg på dei sikre plassane. Kvinner må jobbe ekstra hardt for å få ein posisjon. Ofte vinn middelaldrande menn utan minoritetsbakgrunn. Har ikkje partia ein bevisst strategi for mangfaldig rekruttering, noko mange av dei ikkje har, blir kommunestyra fort ein gjeng med veldig like folk.

Samtidig veit me at mange kvinner opplever at dei ikkje kan velje politikken. Dette er ikkje fordi dei ikkje er opptekne av politikk eller ikkje kunne tenkje seg å gjere ein innsats, men fordi det ikkje går opp med resten av livet deira. Etter å ha jobba i fleire valkamper med å finne folk som har lyst til å stå på liste, er mitt inntrykk at mange kvinner opplever at politikken ikkje alltid er tilpassa kvardagen og det ansvaret dei har i jobb og heime. I mange kommunar er møta på kveldane. Har ein barn, kan det vere vanskeleg å velje politikken over tida med familien på ettermiddagen dersom partneren ikkje stiller opp heime. Dette rammar foreldre av begge kjønn, men det er ingen tvil om at dette held fleire kvinner enn menn ute av politikken. Framleis gjer kvinner mykje meir husarbeid enn menn, og dei tar meir ansvar for å følgje opp barna. Det gir mindre fritid å bruke på andre ting, som politikk.

For åleineforsørgarar er det enno vanskelegare å gå inn i politikken, og dei fleste åleineforsørgarar er kvinner. Ikkje alle kommunar gir økonomisk stønad til barnepass. Dei få kronene ein tener på å sitje i kommunestyret forsvinn då fort ut igjen. Har ein ikkje eit stort nettverk av folk som kan hjelpe som barnevakt, blir det praktisk vanskeleg å få til.

For kvinner er dette urettferdig. For fellesskapet er det heller ikkje særleg bra. Når kvinner ikkje blir representert i lokalpolitikken, blir kommunane styrt av folk som i mindre grad er avhengige av nokre av kommunens viktigaste tenester, som barnehagar og helsestasjonar.  Avgjerdene rundt helsestasjonane vil bli betre, dersom nokre av dei som bestemmer bruker desse tilboda sjølv. Mangfaldige kommunestyre gir breiare erfaringar og eit betre utgangspunkt for å styre godt.

Saman kan me gjere mykje for å endre på dette allereie i haust. Susanne Kaluza, som var avgjerande for å stoppe forslaget om reservasjonsrett for legar, har no starta ein ny kampanje for å få fleire kvinner i kommunestyra. Me kan byrje ved å røyste på dei kvinnene som har valt å stille til val ved å gi dei eit ekstra kryss. Sannsynlegvis gir det betre politikk ut i den andre enden. Det kan også vere med på å presse fram endringar som gjer lokalpolitikken meir kvinnevenleg å delta i. Blir me mange nok, kan me få til mykje.

På lengre sikt bør me også vurdere å flytte kommunestyremøta og utvalsmøta til dagtid. Det ville koste pengar, men me bør ta diskusjonen i kvar kommune. Kommunalminister Jan Tore Sanner burde kunne ha øyremerka ein sum for å hjelpe kommunane med dette. Og alle kommunar burde ha ei barnepassordning for lokalpolitikarar.

Skal me få meir mangfald blant dei som bestemmer over skulane, barnehagane og lokalmiljøet vårt, må me vere viljuge til å ta nokre nye grep. Elles vil me måtte vente til me er i 2047 med å vere likestilte i kommunestyra. Det burde me ikkje ta oss tid til. Kryss heller #kvinnerinn!

kvinnerinn_sterkest-2

 

Illustrasjonar av Jenny Jordahl (frå Livet blant dyrene

Om forfatteren

trine

trine

Eg er 29 år, bur på Haugerud og jobbar i SV. Distré og stort sett ganske blid. Liker å bruke tida mi på kaffi, bøker, skog og politikk.

Visit Website

  • Thomas Johansen

    Å gi personstemmer til kvinner bare fordi de er kvinner er i praksis det samme som å stryke menn. Adgangen til å stryke kandidater er som kjent fjernet, nettopp av frykt for sabotører som ikke følger de normale demokratiske spillereglene, som innebærer at man legger vekt på hvilke kandidater man er enig med og mener er kvalifisert, fremfor irrelevante faktorer som kandidatenes kjønn.

    Hvis vi legger feministisk logikk til grunn, så burde menns stemmer ved valg vektes tyngre enn kvinners. Det bor så vidt flere menn enn kvinner i Norge, men kvinner lever lenger og rekker derfor i gjennomsnitt å avlegge over 6 prosent flere stemmer ved valg enn menn i løpet av livet sitt. Kvinner deltar også oftere i valg i praksis: deres valgdeltakelse er rundt 3 prosentpoeng høyere enn for menn. Også dette må med i beregningen, siden feministiske teorier har lært oss at folk ikke har ansvar for egne handlinger – de er et resultat av strukturer. Da nytter det naturligvis heller ikke å skylde på frivillige livsstilsvalg som en årsak til levealdrersforskjellen.

    Når skal vi få slutt på denne urettferdigheten? Inntil politikerne våre gjør noe, så kan vi gjøre noe selv, på lik linje med det som foreslås i denne artikkelen. Dersom kvinner frivillig lar være å stemme ved ett lokalvalg og ett stortingsvalg i løpet av livet (i tillegg til valgene de måtte velge å stå over av andre grunner), så har de oppveiet for levealdershandicapet menn sitter med. Om de står over ytterligere ett valg på grunn av valgdeltakelsen og demografien, så er det så godt som helt likt, med utgangspunkt i tallene jeg har kunnet finne.

    Jeg oppfordrer derfor til boikott av #kvinnerinn og lanserer herved følgende kampanje: #kvinnerhjemme

  • Beate Larsen Eiklid

    Hva var tallene for de forskjellige partiene? Både Rødt og MDG lå da forann SV på antall kvinner vs menn?

  • Hei Beate

    Her finn du tala: http://www.ssb.no/valg/statistikker/kfvalgkand

    SV er det einaste partiet med eit fleirtal kvinnelege kandidatar. MDG er ikkje langt unna 50/50 fordeling, som er veldig bra, mens Raudt har litt større forskjell (847 menn og 724 kvinner).

    Trine

  • Jonas

    Spot on.